onsdag, oktober 02, 2013

Dagbok 2013: 2.oktober


Klokka er snart 22.00, temperaturen ute er + 8 grader C. Det har vore enda ein nydelig dag. Nils var oppe ein times tid før eg vakna og var reist til havs før eg var oppe. Han kom heim med ein litt uvanlig fangst, ei fin kveite og ei stor skate. No skal vi teste ut korleis skatevingane smakar. Det skal visst vere ein delikatesse. I dag vart det småsei på menyen.
 
Eg rakk å få ferdig manuset, dvs. referatet frå møtet i går, før han kom heim.Vi åt tidlig middag, og eg gikk ein tur rundt i nærmiljøet mens Nils fekk kvile. Eg fekk meg også ei stund på solsenga med lydbok før det var på tide å fare utover. Vi hadde stevnemøte med Margrete og ungane i Furene, dei sat på med oss, så slapp vi å betale for to bilar i tunnelen.
På Kaffi-Kari fekk eg møte att ei studieveninne som eg ikkje hadde sett på 26 år ! Det var stas for oss begge, trur eg.
Det var kjekt å høyre Øystein fortelle frå boka si, og lese utdrag. Eg visste ingen ting om kva den handla om før eg fekk høyre det i kveld. Når eg får boka i hende skal eg i alle fall lese den. Rasmus Rebellen er faktisk ein persom som har levd, og noko av det som står i boka er "sant"-men det meste er fiksjon.
Ronald og Odd song, og vi fekk treffe folk vi kjenner, nydelig kake og kaffi fekk vi også.
Erlend hadde sjølvsagt slips i dag også, knuten heiter Elredge knot.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Fin fangst på Nils. Eg er spent på å lese boka til Øystein. Vi har vore i Torvika i dag og prata med bl.a. Astrid Karin og familien som er heime på haustferie. Koseleg treff.

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...