Eg rakk å få ferdig manuset, dvs. referatet frå møtet i går, før han kom heim.Vi åt tidlig middag, og eg gikk ein tur rundt i nærmiljøet mens Nils fekk kvile. Eg fekk meg også ei stund på solsenga med lydbok før det var på tide å fare utover. Vi hadde stevnemøte med Margrete og ungane i Furene, dei sat på med oss, så slapp vi å betale for to bilar i tunnelen.
På Kaffi-Kari fekk eg møte att ei studieveninne som eg ikkje hadde sett på 26 år ! Det var stas for oss begge, trur eg.Det var kjekt å høyre Øystein fortelle frå boka si, og lese utdrag. Eg visste ingen ting om kva den handla om før eg fekk høyre det i kveld. Når eg får boka i hende skal eg i alle fall lese den. Rasmus Rebellen er faktisk ein persom som har levd, og noko av det som står i boka er "sant"-men det meste er fiksjon.
Ronald og Odd song, og vi fekk treffe folk vi kjenner, nydelig kake og kaffi fekk vi også.
Erlend hadde sjølvsagt slips i dag også, knuten heiter Elredge knot.
1 kommentar:
Fin fangst på Nils. Eg er spent på å lese boka til Øystein. Vi har vore i Torvika i dag og prata med bl.a. Astrid Karin og familien som er heime på haustferie. Koseleg treff.
Legg inn en kommentar