Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er +15 grader, det er opplett, men skodde langt nedetter fjellsidene. Det såg ei tid ut til at den skulle lette, men det skjedde ikkje.
I dag var vi litt tafatt sidan vi ikkje hadde planlagt noko. Nils ringde bort i Volda og spurde etter bilen vi såg på i går, men vi tykte det var lang leveringstid. Derfor stakk ned på butikken her, der vi har kjøpt fleire bilar før. Denne gongen galdt det Nissan. Dei hadde bilen ståande, og vi fekk ein bra pris. Nils kom heim og henta meg, eg får lov å uttale meg, sidan eg skal betale halve bilen. Eg var fornøgd med det eg såg, og fargen var grei. Dei hadde ein annan gråfarge som var litt mørkare, men det var ein dyrare bil. Bilen er lys grå metallic, ikkje ulik Note-en som vi hadde. Eg hadde krav til sittekomfort -og ville gjerne ha ein litt høg bil med store hjul. Og det fekk eg. Vi har skrive under kontrakten, og får den levert torsdag i neste veke. Så håper vi på fine køyreforhold framover hausten, så vi kan reise på turar.
Med det same stakk vi innom optikaren og bestilte time til fredag. Brillene mine er rett og slett utslitne, ser ikkje klårt på midten.
Elles er eg skuffa over valet i går, men det står enno att å sjå om dei greier å danne regjering. Det er mange brikker som skal på plass.
Til middag i dag hadde vi fiskekaker i brun saus. Det var ganske vanlig før i tida, men vi brukar ikkje saus på fiskekaker utan dei har vore frosne ei stund. Då synest eg det er greitt.
Så var vi ut og trimma av oss kaloriane. Nils slo med motorplenklipparen og eg med den elektriske, den er litt plundrete sidan eg må passe på ledningen heile tida. Men jobben vart gjort, og avlinga var stor.
Nils har funne seg ein fotballkamp, så eg får kanskje ta fram spøtet og lydboka.
I dag fyller Leon Roald år, og vi gratulerer.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Gratulerer med bilkjøpet! Greitt å kjøpe bil nær der ein bur, er vår erfaring.
Legg inn en kommentar