mandag, september 09, 2013

Dagbok 2013: 9.september

Klokka har passert 21.00, temperaturen er + 13 grader, og vi har hatt ein nydelig dag med temperaturar på over 20 grader. No har vi nettopp sett på TV-en, har venta i det lengste, for vi reknar med at vi blir bra svette i øyra før kvelden er slutt. Dessverre er eg ikkje mykje optimist denne gongen. Ser med gru fram til å få ei blå-brun regjering, om dei i det heile kjem i mål.
Nok om det.
I dag var vi nedover og gjorde vår borgarplikt,etter at Nils hadde tatt ein telefon til Stryn og høyrt etter bilen vi såg på sist torsdag. Den hadde ein gunstig førstepris, men så kom alle tillegga og då var den ikkje så billig lenger.Ikkje ville dei gi så mykje for gamlebilen heller.
Då bestemte vi oss til å ta ein tur til Urke. No er det slik at i september og oktober går Hurtigruta til Urke i staden for til Geiranger, så vi rekna med der var liv og røre der inne. Det var der ikkje, og båten låg på andre sida av fjorden, så eg såg ikkje eingong kva den heitte. Men vi køyrde vidare forbi Øye og opp Nordangsdalen.
Eg prøvde å ta bilde av Lygnstøylvatnet, det som ein gong var ei seter, men så kom eit ras og demde opp elva så setra vart liggande under vatn. Det er lett å sjå murane under vatn når det er stilt, men i dag var det eit anna problem, fjell og himmel spegla seg i vassflata, så det var ikkje godt å sjå kva som var nedi.Men eg trur eg såg ein sjøorm.
Gamle setrar såg vi og. Vi møtte ein buss som var på tur med turistar frå Hurtigruta og prata med Tor, som var sjåfør.
Vi køyrde opp til Villa Nordangdal på Fivelstadhaugen, eit gammalt hotell som er restaurert. Det var stengt for sesongen, men vi fekk no sjå det utvendig, der det ligg som ein topp mellom andre toppar.Flott er det.
 
Vi måtte også ein liten tur til Hellesylt, tenkte kanskje der var cruise-skip; der var ingen ting å sjå,men vi såg den nye kaia, der dei store skipa brukar å legge til.
Grodås  var neste stopp, og der fekk vi oss god middag på Raftevold; biffsnadder med pommes frites og salat. Og så var det Kviven, for andre gong på ei veke.
Vi stoppa i Volda og såg på bilar på Kia-butikken, men vi har ikkje bestemt oss for noko. Vi synest vi får for lite for gamlebilen. Så no lurer vi på om vi skal selje den sjølve. Den er berre 3 år gammal og feilar ingen ting. Der er to år att av garantien.Den er liten og nett og passar godt til såkalla "konebil".Vi ønsker oss ein litt større bil med meir comfort når vi skal på lengre turar.
 

2 kommentarer:

solveig sa...

Fint ver til tur i dag. Eg er småsjuk og sur. Det siste p.g.a. ,valet, sjølv om resultatet ikkje er uventa. Follk er bortskjemte og utakknemlege.

Besta sa...

Heilt enig.Skal dele ein status som Geir Høydalsvik har lagt ut på FB. Der kan vi sjå kva utlendingane meiner om oss.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...