søndag, september 08, 2013

Dagbok 2013: 8.september

Klokka er ca 18.00, temperaturen er + 20 grader C og vi har hatt ein nydelig sommardag, med sol og lette skyer.
På føremiddagen køyrde vi fram i Bjørdalen og gjekk rundt Dalsvatnet. Det er ein lett og nokså flat tur, men eg var ikkje heilt god i hofta mi, så eg var ikkje i form til noko meir.
Vi trefte sjølvsagt folk vi kjende, for dette er ein ynda plass for folk som ikkje er så altfor spreke.På grunn av sola, som var delvis bak fjella, var det ikkje lett å få gode bilde.
Då vi kom heim åt vi brødskiver og drakk kaffi, før vi la oss på altanen og kvilte. Eg låg så lenge at eg fekk lese ut boka mi. Så fann Nils ut at han skulle av gårde og fiske makrell, og vekk var han. Han kom att med ein god del makrell som han skal gi til Solveig, den toler no å ligge i frysaren nokre dagar.
No skal eg lage middag, i dag blir det fiskebollar som eg laga i går kveld.

1 kommentar:

Torbjørn Urke sa...

Stemningsfulle gode bilde, Olaug!

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...