lørdag, september 07, 2013

Dagbok 2013: 7-september.

Klokka har passert 19.30. I dag har det vore overskya, med skodde og regn. Temperaturen er +13 grader C.
Nils var nedover og stod på stand ei stund før middag, mens eg styra  i huset. Etterpå var vi nedover og handla litt- ja, det var faktisk ein del vi trong i dag. Og så hadde vi ærend på apoteket. Det var mykje folk på Amfi i, og vi trefte sjølvsagt folk vi kjende.
Vi kjøpte ein grilla kylling med oss heim, det vart middagen i dag.
Så vart det avslapping med lydbok ei stund, før eg tok meg på tak og laga fiskebollar av hyse og sei. Det vart nok til fire middagar. Nils koka  kraft på hovud og bein som vi kokte bollane i. Den krafta som vert til overs skal vi fryse og bruke til fiskesuppe.
Nils er flink  stelle med fisk, så mi oppgåve er berre å legge siste hand på verket.
Han har faktisk jobba på fiskemottak og lært å filetere, sjølv om han sikkert kunne det før. Der han voks opp var det ikkje vanlig at kvinnene sløgde og fileterte fisk. Det var mannfolkarbeid!
No skal eg ta opp "Skal vi danse"- og sjå på NRK 1. Godt å sleppe politikk og fotball for ein gongs skuld.


Desse to fekk bli med heim frå Plantasjen i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...