søndag, september 15, 2013

Dagbok 2013: 15.september

Klokka er 19.00, temperaturen +14 grader, det regnar og blæs.
Siste veka har vi hatt fleire fine turar og vore litt på farten. I dag var det "landligge".
Før middag styrte Nils med å tømme bilen, vaske og støvsuge etc. Eg pusla på inne. Kjende at ryggen ikkje var heilt god, men det er slikt som skjer innimellom. Las ut boka "Rydd ut" før eg laga middag. I dag laga eg ei himla god fiskesuppe, om eg skal seie det sjølv. Måtte sløve litt på sofaen etterpå.
Men då eg skulle stå opp, vart eg SKIKKELIG dårlig i ryggen, eg verkte så sveitten rann og måtte legge meg  i eit kaldt rom, men eg var ikkje bevegelseshemma slik eg har vore før når eg har fått slike anfall. Etter ei stund tok eg eit par Ibux, og då dei begynte å virke, vart eg betre. Så får vi sjå kor lenge det varer.
I går gikk eg ein relativt lang tur etter at eg hadde skrive på bloggen, det blir ikkje aktuelt i kveld.
Snakka nettopp med Ellen -Marie, ho var heime frå hyttetur med heile storfamilien, der dei hadde feira 75-årsdagen hennar, som er i morgon.

2 kommentarer:

Elin sa...

Ja no er hausten komen, ingen tvil om det! Håpar ryggen blir betre. Takk for anbefaling av bok, trur den kan vere noko for meg, eg er nok DER.

Besta sa...

Trur du vil like den!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...