mandag, september 16, 2013

Dagbok 2013: 16.september

Dette har eg lengta leeeeenge etter å seie: Morna COOOOOOLT !
(Eigentlig var det litt trist å ha den frå seg, men slik er det alltid når ein byter bil.)
 
Klokka har passert 19.00, temperaturen ute er + 7 grader C og det har snødd heilt ned i Vallahornet. Første påminning om at vinteren er i kjømda, men det er lenge til. Får vi håpe. Det har regna jamnt heile dagen, men no driv det og klårnar opp. Det er meldt fint vêr i morgon og strålande på onsdag.
No har Nils og eg vore på prøvetur med den nye bilen, turen gjekk rundt Follestaddalen på ikkje alt for gode vegar. Men bilen greidde seg fint. Eg sat godt i setet mitt og hadde meir oversyn enn det eg er van med. Dei fleste nye bilar er gode, så eg reknar med at denne også kjem til å funke fint.
Heldigvis vakna eg relativt frisk og rask i dag. Verken i går, som eg trudde kom frå ryggen, var nok heller eit mage-onde. Ikkje alltid like lett å finne ut av.
Hadde eit lite ærend på Amfi i dag, så det gjorde vi unna, før Nils henta nyebilen med den obligatoriske rosebuketten i tillegg.
Elles gikk mykje av føremiddagen til matlaging. I dag vart det ertersuppe og pannekaker. Sidan det no er berre Margrete som kjem og et i lag med oss, får ho med seg middag heim til "dei to små".
I dag fyller kusina mi på Skedsmokorset 75 år. Ho har alltid vore litt eldre enn eg, og i barndommen var ho mitt store ideal. Ho budde på Eid til ho var 16 år, dei siste åra på Hildegard, i huset til bestemor og bestefar. Det vart eit sakn då heile familien flytta til Sørumsand. Heldigvis har vi mykje kontakt i vår digitaliserte til, og i fjor var ho her på besøk.
Gratulerer med dagen, kjære Ellen Marie !

3 kommentarer:

solveig sa...

Du tok ein Siv no! ;-)

Alltid kjekt med ny bil!

Besta sa...

Den "Siv-en" begynner å bli litt utbrukt, men måtte berre.......
Bilen var no verken gammal eller dårlig, berre litt lite komfortabel på lange turar. Ein er gammal berre ein gong.

Hildegard sa...

Gratulerer med ny bil!

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...