torsdag, juli 28, 2022

Dagbok 2022: 28.juli

 

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute på trappa er + 19 grader. Det har vore ein nydeleg dag med sol frå klår himmel- Med det samme eg såg veret i dag tidleg visste eg kva eg måtte gjere, nemleg klippe plen. Eg gjekk og venta på at det skulle  bli tørt i graset, og så skulle eg sette i gang. Men då eg starta klipparen rauk det av den så eg slo av . Eg såg at Helge var ute, og at han såg at eg hadde litt trøbbel. Han kom ned og forklarte kva som var gale, det var noko olje som hadde kome inn i luftfilteret og det var heilt ufarleg. Så kom ein annan nabo og fylte på olje-så det står ikkje på. Her er det gode hjelparar i alle retningar.. Eg fekk no klipt rundt huset og opp mot vegen, det gjekk greitt. Men då eg begynte nede i skråninga vart det fleire stopp, fordi eg måtte ladde opp at startbatteriet. Eg var ganske sliten då eg var ferdig så eg gjekk ut på altanen og la meg strak ut på ei solseng. Det var nydelig. Etter ei stund stod eg opp og laga meg litt mat, og så gjorde eg noko eg skulle gjort for lenge sidan- eg farga håret, dusja og tok på meg reine klede.

No har Marit reist på hytta i lag med Janne, og ikkje før hadde dei fare så var Lollo komen på trappa til meg og ville ha mat, og det fekk ho.

På fredag-laurdag- søndag må eg gjere ein innsats, for neste veke kjem snikkaren. Eg må rydde meir i garasjen, kanskje køyre på VØR. Så må eg innom Koppen og ordne det slik at snikkaren kan hente det han treng i mitt namn. Det var slik vi gjorde det sist han var her. Det var i 2018. Eg fekk melding frå Møre Konfeksjon om at buksa mi var ferdig opplagt, så den må eg prøve å få henta og  så skal eg levere klede til innsamling. Eg må ha meir sen til kantklipparen, men det kan eg ta etter helga.

Eg har litt problem med å halde orden på vekedagane no om sommaren når eg ikkje har noko eg skal. Men det blir vel ikkje så lenge før vi skal begynne å trene igjen. Men eg får no bra mosjon her heime også . Eg har ikkje fått melding om at den nye tørketrommelen er komen. Enn så lenge går det fint å tørke ute når klesplagga ikkje er for store.



Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...