onsdag, juli 27, 2022

Dagbok 2022: 27.juli


 Klokka er no 18.50, temperaturen ute er + 14 grader, det er lettskya og opplett. Tidleg i dag fekk dei som var tidleg oppe sjå sola .

I dag er det akkkurat 60 år sidan Nils og eg gifta oss i St. Jørgens kirke i Bergen, så om Nils hadde vore i live kunne vi hatt diamantbryllaup i dag. Men vi fekk i alle fall feire gullbryllaup-ikkje alle får det heller. På bildet over er det ei rose som stod på grava i fjor sommar, og som eg tok med heim og planta her, då eg gjekk over til lyng på grava. Den er fin og frisk i år også.

På austsida av huset står ei klatrerose som vi har flytta rundt på, eg har brukt å klippe den ned, til tross for at det er ei klatrerose, men i år har den fått lov å utfalde seg.

Det spørs korleis det går med denne når snikkaren/takleggaren kjem neste veke. Eg skal ha ny bordkledning på denne veggen.

I dag har eg ikkje gjort så mykje fornuftig. Det var fint vêr då eg stod opp, men altfor vått i graset til å slå. No høyrer og ser eg at nokre av naboane har begynt å klippe, men eg er så dristig at eg utset det . Det er ikkje så mykje gras på plenen, men veldig rikeleg med mose.

Eg tok fredagsvasken på onsdag førre veka, og dermed måtte eg gjere det samme denne veka. Fordi det var behov  for det. Etter at eg hadde vaska tok eg ein tur på butikken. Eg kjøpte mest grønsaker og til middag vart det råkost med Apetinaost. Det smakte himmelskt. 

Marit bad meg opp på kaffi og is, det er det som er på menyen når vi drikk kaffi i lag. Vi har smakt oss gjennom ganske mange is-sortar. Heimelaga småkaker hadde ho også- Ho skal vere med på hytta til Janne frå i morgon til sundag, så no har eg kattemat i hus.

Eg kunne ikkje dy meg i dag heller, eg plukka jordbær og bringebær og åt dei med sukker og fløte. Bæra er sure i seg sjølv, så dei må få litt søtt-då blir dei gode.  Eg har litt dårleg samvit for at eg ikkje jobbar i hagen eller i garasjen, men eg får sjå om eg blir litt flinkare i morgon.

Eg er veldig opptatt av boka som eg les også, den om Anders Behring Breivik."En av oss" heiter boka. Forfatter er Åsne Seierstad. Eg les nokså lenge utover kvelden,men vaknar tidleg om morgonen likevel. (Eg har vel skrive om boka før. Eg vil anbefale den. For den er god)

Rasmus og familien er i Danmark,eg fekk melding frå dei tidleg i dag. Både Margrete og Solveig skal på tur også.  Eg skal vere heime og ta imot snikkaren. Eg har mykje hagebær som eg må plukke også. Eg er ikkje spesielt glad i den jobben, men det er no eg sjølv som vil ha bærtrea. Eg har to solbærbusker og det er mykje bær på dei. Før likte eg ikkje så godt solbærsylte, no synest eg at det er ein delikatesse.

Eg har tre  ulike klematisar, men berre denne blomstrar no; dei andre kjem seinare. Klematis er lette å dyrke og steller seg stort sett sjølv. Men dei må ha noko å klatre på .No er det vel slutt på dagsnytt, men eg finn det vel att på TV-en.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...