tirsdag, juli 26, 2022

Dagbok 2022: 26.juli






Klokka er no 18.11, temperaturen er + 14 grader og det har regna i heile dag. Ikkje verst for oss som har heilårsferie men litt surt for dei som ferierer nokre få veker heime. Og Tussa tener ikkje pengar for straumen er altfor billeg-nesten gratis.
Eg vakna tidleg i dag, og eg hadde ein plan for dagen. Først og fremst skulle eg ta ein tur på VØR. Eg hadde lasta inn i bilen diverse i går, og så hadde eg inni nokre sekker med hageavfall i tillegg. Eg tok på meg regnjakke i dag- for det pøsa ned. Eg fekk ifrå meg hageavfallet og så var eg inn i "bosshuset" og fekk levert, blant anna eit gammalt brannslokkingsapparat. Men der er mykje att i garasjen enno, sjølv om eg har kvitta ein god del. 
Då eg kom heim var der melding frå Margrete om at ho skulle til Ørsta og handle og ville komme oppom. Det var sjølvsagt kjekt. Eg hadde tenkt å handle litt på KIWI i dag, eg hadde parkert bilen utanfor  butikken-men då såg eg kor skitten regnjakka mi var, så eg kunne ikkje gå inn slik. Så det vart til at eg steikte sveler og kokte kaffi til Margrete kom.
Mens eg venta på Margrete las eg lydbok. Eg held på med Åsne Seierstad si bok om Anders Behring  Breivik:" En av oss"- Ei veldig bra bok.
Margrete og eg hadde sjølvsagt mykje å snakke om. Men vi prata oss visst litt vekk, for ho la att alle arka ho hadde printa ut. Ho treng arka når ho skal på ferie om eit par dagar, så vi får sjå om vi kan få distribuert dei.
Eg har ikkje fått gjort noko i hagen i dag, fekk gjort litt i går kveld, men i dag har det regna non stopp.





 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...