mandag, juli 25, 2022


 Klokka er no 18.15, temperaturen ute er + 19 grader og det regnar. Det kom ei byge akkurat då eg gjekk utfor å plante den nye rosa mi.

Denne dagen vart annleis enn det eg hadde tenkt meg. Eg gjekk ut så snart eg var ferdig med morgonstellet og begynte å rydde i garasjen. Det er eit sisyfosarbeid som aldri tek slutt, men ein kan ikkje gi opp heller. Etter ei stund gjekk eg inn og sjekka maskinene mine, og då såg eg at Solveig hadde ringt, så eg ringde ril henne. Ho ville ta meg med på shopping i Volda-og det ville eg gjerne. Ho kom hit i 12-tida og så for vi-først på Møre Konf. der eg fekk kjøpt ei bukse som dei skal legge opp til meg for 100 kr.  Eg skal hente den neste veke.

Solveig og eg var innom fleire butikkar utan at vi kjøpte noko, og så var vi på kafé og fekk oss kaffi og kaker, Vi køyrde også opp på Rotset og sjekka dei nye butikkane der. Europris-butikken var veldig flott. Solveig fann også vegen opp til Symrevegen der Håkon har kjøpt hus.

Vi trefte også barnebarnet/oldebarnet i Volda sentrum. Det var mormora som var ute og trilla i dag.

Vi var også innom ALTI då vi kom tilbake til Ørsta, eg skulle ha nokre tablettar på apoteket, men så var resepten gått ut.

Då eg kom heim måtte eg kvile ei stund før eg gjekk ut og kosta i garasjen og planta rosa som eg kjøpte i går. Akkurat då fekk eg ei skikkeleg regnbye.

Eg trur eg skal få bra orden på garasjen, men så har eg mykje som skulle vore gjort i hagen. Og så er det snart til for plukking av hagebær. Eg ser at eg får nokså mykje solbær, bringebær og jordbær et eg opp etter kvart.

Neste veke skal snikkaren/takleggaren komme, så då må eg vere klar til å ta imot han. Han skal sikkert sette opp saga si i garasjen.

Solveig køyrde meg heim, og så måtte ho ut att. Eg vil takke henne her også for ein kjekk dag

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...