søndag, juli 24, 2022

Dagbok 2022- 24 juli


 Klokka er no 17.50, temperaturen ute er + 18 grader, det er opplett akkurat no, men vi har hatt regnbyer. Det er ikkje kaldt og surt, og etter det eg trur gjekk hundedagane inn i går og då skal det liksom vere varmt og sommarleg.

I dag hadde Marit og eg avtalt å fare å Plantasjen, men først skulle vi sjå fram på gravplassen korleis det såg ut der. Eg fann ut at eg ville erstatte blomsten som var der med to raude begoniar. Det er veldig mange som plantar det på gravene, fordi begoniane toler så godt regn. 

Vi fekk kjøpt det vi skulle på Plantasjen, men eg hadde lyst på ei ny rose i bedet mitt, så vi var innom Hageland også, for no er det halv pris på roser. Eg fann meg ei fin lyseraud, men vart litt i tvil  då eg kom heim, for der var ikkje så god plass til den i bedet som eg trudde. Dei rosene som er trudde ville dø, har kome til liv igjen, så det er ikkje lett å få plass til ei til, men eg skal no finne ut av det. 

Til middag i dag vart det ein rest av ris-graut som eg hadde i kjøleskapet-det var ikkje så veldig spennande, men eg likar ikkje å kaste mat.

No held sola på å komme fram ute, men det kjem vel fleire byger. Eg vurderer å gå ein liten tur, kanskje på Vernet. Eg sat og slappa av med litt TV,  eg har sett ferdig serien min, så langt, men det kjem vel fleire episodar etter kvart. Denne dagen forsvann veldig fort.


Det vart ein runde på Vernet i dag, og eg trur det gjekk bra med foten. Eg såg mange brunsniglar på vegen opp til Fonnvernet.Trur ikkje eg har sett slike før.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...