lørdag, juli 23, 2022

Dagbok 2022: 23.juli


 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er + 17 grader, det er opplett men skodde i fjella. Korleis det har vore her før i dag, veit eg ikkje, for eg har ikkje vore heime. Der eg var, var veret rimeleg fint.

Eg var på badet i dag før middag då eg høyrde telefonen ringe, på soverommet. Det var Ragnhild,kollegavenninna mi. Ho ville ha meg med på tur. Mannen hennar hadde uttalt at ingen kunne vere med på tur på 1 times varsel. "Jo, Olaug, sa ho" - og ein time etterpå var vi på veg. Vi skulle besøke dottera hennar som held til på eigedomen til Høgesteinen fyr. Ja, det er no Marie og Sverre som eig "garden" no.

Vi køyrde til Ålesund, og vidare via undersjøiske tunnelar til Alnes. Der har eg så vidt vore innom før. Vi var inn på ein flott kafé der det var utstilt mykje kunst. Vi kjøpte kvar sitt smørbrød med masse reker på. Etterpå køyrde vi gjennom ein tunnel på same øya- Godøya. Der var fine hus og gardar over alt, det minte ikkje om Solund, der det er mest stein og berg.

Fyret som ligg ved leia til Ålesund, klarer seg utan fyrvaktar, men Marie og Sverre har sett i stand og pussa opp alle tre husa som høyrde til fyren. Den gamle fyrvaktarbustaden og to andre hus. I tillegg har dei bygt ein sauefjøs det dei har nokre få dyr, og i dag heldt dei på å bygge hønsehus. Husa var pussa opp i tråd med slik dei hadde vore; fargar etc .hadde dei ikkje endra. På samme tid var der fine "moderne" bad. Eg tok masse bilde, men det vart ikkje noko av alle. Dessverre. Dei hadde også planta tre og blomster så der ikkje var så snautt lenger. 

Vi gjekk på ein nokså lang molo ut til sjølve fyret, Derifrå såg vi rett inn på Ålesund, vi såg også Saudehornet og mot Hareid og Brandal.

Kort sagt var det ei oppleving for meg å kome til ein stad der eg aldri har vore før, og Marie og Sverre skulle hatt premie for å ha tatt vare på husa og "garden" 


                                Her ser vi mot vest og storhavet

                          Her går vegen mot fyret-utanom gardstunet
Her har dei grave ut til ein liten dam der somme fuglar likar å vere.

Her ser vi dei tre husa som dei har pussa opp, Det gule huset i midten er fyrvaktarbustaden , og det største av husa.




                                  Her ser vi mot Hareid og Brandal
            Eg beklager at mesteparten av bilda er trudde eg tok ikkje har blitt noko av.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...