fredag, juli 29, 2022

Dagbok 2022: 29.juli

 

Vi hadde mange ripsbusker , men etter kvart tok vi dei vekk,  så vi hadde berre ei att. Det er meir enn nok rips til meg på den.


No er klokka ca 17.30, temperaturen ute er + 21 grader C. Vi har hatt ein nydelig dag med sol frå blå himmel. Eg hadde planen klar då eg stod opp, så då fekk eg gjort det eg hadde tenkt.

Eg køyrde først bort til Koppen i Furene og avtalte at Brubakk kan hente materialar der. Vi hadde samme ordninga for 4 år sidan. Deretter tok eg turen til Volda og henta buksa mi. Der var så fint i Volda i dag; det eg likar der borte er at vi kjem så nær sjøen, så eg vart litt irritert for at eg ikkje hadde telefonen med og fekk tatt bilde. Så hadde eg eit ærend til, det var å putte gamle klede i boksen til Frelsesarmeen. Då eg kom heim prata eg ei stund med Solveig nabo, før eg køyrde ned på Jernia og kjøpte sen til kantklipparen; men den greier eg ikkje å sette i sjølv, så då må eg jakte på ein som kan hjelpe meg.

Eg laga meg ein rimeleg tidleg middag i dag, det vart grønnsaker med Apetinaost for andre gong denne veka. Så bestemte eg meg for å ta fri resten av dagen og heller jobbe litt i morgon. Så eg la meg på solsenga og slappa av ei god stund.

No har eg lagt i hop ein klesvask og sett på ei maskin til. Elles driv eg og balar med ein sudoku frå Møre-Nytt.

Eg tok ein tur i hagen og såg på bæra mine. Det er mykje bær på alle buskene, så der ligg ein liten jobb og ventar der. Eg håper det held seg opplett nokre dagar til, for å plukke bær i regnvêr er ikkje så populært. Eg skal gå ut no og ta bilde av bærbuskene mine slik at de får sjå-

Denne solbærbuska kjøpte eg for to år sidan, det var litt bær på den i fjor også, og i år er det mykje. Eg kjøpte den på Plantasjen i Furene.

Denne solbærbuska kjøpte eg på Hildenes gartneri på Eid. Eg trur det er fire år sidan. I fjor fekk eg mykje bær på den så eg fekk laga solbærsylte. Eg har lese at solbær vil ha mykje vatn og næring så eg har vatna og gjødsla.

Dette er stikkelsbærbuska mi. Stikkelsbæra er ikkje kjekke å plukke og renske, men dei er gode å ete når ein går ute i hagen. Dei blir møkt lillaraude når dei er modne. Eg farnn ein liten avleggar av denne buska, som eg planta, det ser ut til at det trivast.

Bringebær og jordbær har eg også men dei har ikkje fått skikkeleg stell i år, så det er ikkje mykje å skryte av.Men eg har no plukka meg nokre dessertar.

Solveig og Øystein er på veg til Stiklestad, Rasmus med fam. er i Danmart og Margrete og Svein ferierar i Norge-  Eg er heime, og etter helga kjem snikkaren/takleggaren. I slutten av august skal eg på dagstur med Pensjonistlaget. No er det fredag kveld og eg kan ønske lesarane mine ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...