lørdag, juli 30, 2022

Dagbok 2022: 30.juli

 

                             


Klokka er no 16.38, temperaturen ute er +25,5 grader C. Det er delvis skya , men opplett. Det har blitt fleire skyer etter kvart, så kven veit kor lenge fineveret varer. Eg gjekk no ut og vatna litt for sikkerheits skuld.

I dag har det vore sundag inne i hovudet mitt, og det er veldig vanskeleg å endre på det. Eg tenkte eg skulle få gjort ganske mykje i dag, men slik vart det ikkje.

Eg stod tidleg opp, men eg gjekk no ikkje ut med det samme. Eg hadde tenkt å få gjort litt meir i garasjen, og LITT vart det. Når Brubakk ein gong vert ferdig skal heile garasjen tømmast og vaskast innvendig. Det har eg gjort ein gong før, det var før vi reiste til Nordkapp, det året Olaug og Eirik vart fødde. Så det er ei stund sidan. Eg har ikkje vore heilt god i venstrefoten i dag, så det er litt av årsaka til at eg ikkje fekk gjort all verda.

Eg måtte ein tur på butikken i dag, og der møtte eg ei som det var lenge sidan eg hadde sett. Nemleg Heidi Brunstad og dottera Hanna. Heidi syntest eg hadde blitt så lita, som ei lita teskei-kjerring, som ho sa. Ja eg ser det no sjølv på buksene mine som heile tida blir for lange i beina. Hanna var blitt stor og vaksen, ho har utdanna seg til barnepleiar og bur i Oslo.

Eg har fått melding frå Håkon om at dei kjem innom i morgon og ser over fiskeutstyret. Eg har plukka vekk mykje og skal ta vekk meir, det har samla seg opp i alle åra der har vore aktivitet, med fisking og anna.

I dag laga eg skikkeleg middag for første gong denne veka, dvs at eg steikte ørret og kokte poteter, grønsakblanding hadde eg ikkje i hus, så eg laga salat i staden. Etter at eg hadde ete la eg meg inn på datarommet og høyrde bok. Eg har blitt interessert i "sanne" bøker, så no les eg "biografien" til Olaug Bollestad. Eg trur ikkje det er ho sjølv som les, men ei anna med samme dialekten. Det er ei "kort" bok.

"Snakk sant om livet", heiter den.

Etter at eg hadde lege på dagsenga vart eg enda låkare i foten, så då gjekk eg ut og vatna litt med hageslangen, sjølv om det sikkert kjem regn om ikkje lenge. Dei plantane som står nedom garasjen får ikkje så mykje nytte av regnvatnet. No skal eg gå ut og rydde litt meir rundt og i garasjen.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...