torsdag, juli 21, 2022

Dagbok 2022: 21.juli

Klokka er no 19.25, temperaturen er +17  grader. Det har vore sid skodde i heile dag, men det letta opp ei stund på ettermiddagen, så då fekk vi sol og vind, no kjem visst skodda sigande inn igjen. SKODDE er omtrent det verste eg veit når det er snakk om vêr.

I dag vakna eg grytidleg med veldig vond fot, eg gjekk eit par runder frå rom til rom, så la eg meg igjen og sovna og stod ikkje opp før i halv 9- tida.

Både Marit og eg skulle på apoteket i dag, så Marit køyrde nedover i 11-tida. PÅ heimvegen handla vi litt på KIWI, eg skulle no ikkje ha så mykje for eg handla i går. Eg tok ut kantklipparen og den 25 meter lange skøyteledningen og klipte kantar etc. nær huset, så lenge eg hadde sen. Så gjekk eg inn og laga middag. Eg hadde ferdigkokt spagetti i frysen og tenkte eg kunne ete den. Eg hadde kjøpt ein saus som eg trudde var god, med estragon og ost. Den smakte ingen ting-absolutt smaklaus. men eg hadde no bacon til så det vart eit måltid-

Etter eit par episodar av serien "Virgin River" gjekk eg ut og begynte å laste inn i bilen, sekker med gras og anna hageavfall i bagasjerommet. Baksetet fylte eg med el-boss + diverse anna. Det er ein "spe begynnelse" på prosjektet med å rydde garasjen. 

Så gjekk eg ned i hagen og klipte litt rusk der. Då kom Solveig nabo og spurde om eg ville ha makrell. Dei hadde vore på Rjåneset og fiska. Eg fekk fire store fine filetar. Eg fekk i fjor også og då hadde Solveig salta dei over natta før eg steikte dei. Det gjorde eg i dag også, så blir dei kjempegode til middag i morgon. Eg er glad i all slags fisk når eg får den nyfiska.

Det var så lenge sidan eg hadde høyrt frå naboen som budde i huset nedanfor oss før dei flytta til Ålesund. I dag sende eg ei melding til henne og fekk svar. Ho har det heilt fint. Ho bur i eit slags "eldrekollektiv". Ho og eg er like gamle. Vi heldt kontankta lenge , men så vart det stilt, så eg lurte på kva det hadde seg-




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...