onsdag, juli 20, 2022

Dagbok 2022: 20.juli

 

Klokka er no 17.10, det er + 17 grader ute og skodda ligg heilt ned i i hovudet når ein går ut. Det er trasig at årets finaste månad blir slik. Ja, vi kan få ein fin ettersommar og haust, men då er ikkje alle fri til å nyte det.



Eg var elendig i foten då eg stod opp i dag, og vart ikkje betre av å trakke på eit bitte lite glasbrot, som eg måtte lirke ut av hælen. Det kom frå eit glas eg hadde knust, men trudde eg hadde fått vekk alle glasbrota. Det var ingen stor skade, verst var det for det nyvaska golvteppet, som måtte på vask igjen.

Eg begynte å rydde i kjøleskap og elles på kjøkkenet og då tok eg like godt "fedagsvasken" med det samme, så er det gjort. Etterpå kokte eg risgraut som vart middagen i dag. Eg slappa av ei god stund i godestolen min etterpå, før eg tok meg saman og køyrde på butikken, der eg panta flasker og boksar for 102 kr. Kvar dag har eg planar om å rydde i garasjen, men så kjem eg ikkje i gang. Eg trur eg skal undersøke litt meir kva som kan leverast på VØR. Ein kan skrive på "data" og få svar på det meste.

Eg har ikkje kokt kaffi i dag, så det må eg visst gjere no viss det skal bli gjort noko meir. Eg trur ikkje det regnar noko særleg, så då kan eg kanskje få gjort noko ute, men først skal eg ta eit par bilde av vêret, og så må eg finne meg litt jordbær.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...