fredag, juli 22, 2022

Dagbok 2022-22.juli


Klokka er no19.47, temperaturen ute er + 17 grader C, det er opplett, med litt sol av og til og slik har det vore i heile dag.

Eg var tidleg oppe i dag, men eg venta no litt før eg starta på pliktene. I går kveld hadde eg fylt bilen med sekker med hageavfall i bagasjerommet, i baksetet hadde eg andre ting eg skulle levere på  VØR. Alt gjekk greitt, og då eg kom heim støvsuga eg bilen-det var eit visst behov.

Så jobba eg i hagen ei stund, klipte diverse vekster på begge sider av vegen ned mot kjellardøra. Det viste ikkje så mykje att, men eg hadde tre store sekker med avklipp. Eg har ikkje planta noko der grana var, tenkte eg skulle samrå meg med naboen sidan det er på grensa.

Då eg var ferdig med den jobben, var det tid for middag og i dag skulle eg steike makrellen som eg fekk av naboen i går. Eg tenkte å steike alle fire filetane, så hadde eg mat i to dagar. Hadde ikkje før tatt fram steikepanna , så ringde det på døra. Det var samme naboen som kom med varmrøykt makrell som eg skulle få smake. Den var berre kjempegod! Eg smakte den med det samme, men sparte litt til seinare.

Etter ein durabelig middag måtte eg slappe av med TV, eg veit ikkje om eg var vaken heile tida.

Langt om lenge kom eg opp frå stolen og var ned i åkeren og fann jordbær til dessert. Etterpå lokka eg Marit med meg ein tur ut Starevegen, der vi sat på ein benk og prata før vi tok vegen heim. Katten LOLLO var også med på turen.

Då vil eg ønske alle ei god helg. Skulle ønske vi fekk LITT av varmen som dei har elles i Europa.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...