søndag, juli 31, 2022

Dagbok 2022: 31.juli


I vår trudde eg lenge at alle rosetrea var døde, men dei kom seg litt etter litt,dei fleste. Denne vesle rosebuska heiter Leonardo da Vinci


Klokka er no 17.33 på denne siste julidagen. Temperaturen ute er + 18 grader, så vi slepp å sveitte. Tidlegare i dag var det regn, men no held sola på å bryte seg gjennom skylaget, så det er håp.

Eg vakna tidleg i dag også, som vanleg, og greidde å ligge i ro til klokka halv åtte, men då var eg så låk i foten at eg berre måtte komme meg fram. Same kor låk eg er når eg står opp så kjem det seg etter ei stund.

I dag hadde eg litt program for dagen. Sidan eg venta Håkon m/fam. så fann eg fram ei gulrotkake som eg laga glasur til. Og så laga eg vaffelrøre. Eg rekna med at dei ikkje forventa å få middag så tidleg på dag. Dei kom litt før klokka 14, og vi åt og drakk kaffi - og prata sjølvsagt. Amund fann seg lett til rette og eg fann fram nokre leikar som eg har på lur.

Ærendet som Håkon hadde i dag, var å sortere fiskeutstyr, teiner, og anna. Der er frykteleg mykje slikt i garasjen, men no har han sortert ein god del, slik at eg kan ta med eit lass til VØR. Vi hadde ein tur ut i hagen til slutt og smakte på alle bæra. Amund visste kva alle heitte, og han likte best rips

Viss alt går etter planen skal snikkaren komme i morgon, eg reknar med at han skal sette opp saga si i garasjen, det er derfor eg har stressa litt med å få der litt i orden. Også med tanke på at der kan bli litt sagmask rundt omkring. No har eg rikeleg nok boss til ein tur på VØR-igjen. No skin sola så fint ute at eg får lyst å gå tur, men eg veit ikkje kor lurt det er-med tanke på foten. Marit er på veg heim no, så då har eg ikkje lenger ansvar for katten.

Her er litt av det eg har tenkt å ta med meg på VØR i morgon-eller ein annan dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...