mandag, august 01, 2022

Dagbok 2022: 1.august

Klokka er no16.15, temperaturen er + 20  grader C, og akkurat no er det lettskya og fint, men det har vore eit par lette regnbyer i løpet av dagen.

Eg var relativt tidleg oppe i dag, som vanleg, foten var vond, som vanleg, men eg kledde skikkeleg på meg med ein gong- det er ikkje SÅ vanleg.

Eg hadde lessa inn i bilen både gras og diverse anna, og hadde tenkt å sette bilen opp mot vegen før snikkaren kom eventuelt. Men han kom før eg hadde fått gjort det, så bilen vart ståande i garasjen. Eg sjekka kva tid dei stengde på VØR i dag og det var 15.30, og såg at eg kanskje måtte utsette turen til i morgon. Snikkaren hadde snakka om ein tur på Koppen og eg var spent på  om det vart så tidleg at eg kunne rekke VØR. Då klokka nærma seg 15 gav eg nesten opp.Fem på for snikkaren, og eg heiv meg rundt. Eg hadde to sekker med gras etc som lukta pest i bilen. Men eg kom tidsnok og fekk tømt sekkane og levert det andre bosset, og litt før 15.30 var eg heime i Starevegen igjen.

Ein gong for lenge sidan , då vi alle skulle ha innlagt telefon, bad dei pent om å få sette ein stolpe i hagen vår- midlertidig. Det fekk dei sjølvsagt, men no er det ingen som har fasttelefon lenger og både eg og naboane vil gjerne ha vekk stolpen. Eg diskuterte med Torbjørn, og han ringde opp Telenor,  dei kunne ikkje svare på spørsmål før i morgon. Men dei sende på e-post nokre ark som eg fekk lese. Der stod det at vi sjølve var ansvarlege for å ta ned ledningane etc. Men så får vi høyre kva dei seier i morgon. Grunnen til at dette kom opp no, var at ledningane er festa til bordkledninga på ein måte, så det var ein fordel å få dei vekk, Gudmund skal no også ha nytt tak så han vil også ha dei vekk. Vi har no mange gonger irritert oss over desse ledningane som heng der til inga nytte.

Sidan eg ikkje fekk fare bort på Vør så tidleg som eg hadde tenkt,så fekk eg stroke nokre klede og støvsuga m.m. Eg har ikkje begynt på bærplukking enno, men må vel snart begynne å få grøden i hus.

Brubakk skal sette opp sag i garasjen slik eg trudde, og bilen må stå på tunet. Så det blir eg som må vike. Det blir vel ei råd. No er det så fint ute at erg må visst ta meg ein spasertur.

Det vart ein liten runde på Vernet. Vestrefoten var grei i dag, høgrefoten streka litt-
 

                                                                                Aust

                                                                            Vest
                                                                       Heime best


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...