tirsdag, august 02, 2022

Dagbok 2022: 2.august

 






                                       Frå byggeplassen.

Klokka er no 17.06, temperaturen ute er + 15 grader og det har regna det meste av dagen. No ser det ut til at det kan bli litt lettare.

I dag hadde eg sett på vekkarklokka til vekking klokka 8, men eg var no vaken lenge før den tid, og hadde vore ute og flytta bilen til snikkaren skulle komme med sin.

Så var eg ein tur bort til naboen som ringde opp att til Telenor utan at vi vart så mykje visare. Men han vil at eg skal vere der når han snakkar med dei.

I dag følte eg på at eg måtte sjå litt meir av verda så eg tok ein tur på Alti og kjøpte tablettar på Apoteket utan å betale eit øre-fordi eg har frikort. Eg tok ein tur rundt og såg på butikkane, det er nesten trist, for eg treng ingen ting. Eg venta med å kjøpe mat til eg kom opp på KIWI.

Eg har tenkt at eg skal prøve å ete undan slikt eg har kjøpt før eg kjøper meir, og i dag hadde eg ein plan; i kjøleskapet hadde eg ein pakke kjøttdeig som var ute på dato, men hadde lagt iskaldt heile tida og lukta ikkje vondt, eg hadde også kjøpt ein ferdig pizzabotn som var langt over dato. Eg kjøpte eit glas med pizzafyll på butikken, og i kjøleskapet hadde eg ein kvitost med eit mygla hjørne.

Altså, det blei pizza til middag i dag. Botnen vart steinhard, men fyllet var godt, så viss eg overlever og ikkje blir dårleg etter middagen i dag, så har eg middag i morgon også. Då vil eg kanskje ha litt salat til.

Snikkaren kom og sa at han for heim att, det silregna ute og det var meldt regn i mange timar framover, så han fekk ikkje gjort meir i dag.

Eg sette meg inn i godstolen og sette på TV-en og sovna. Det var ikkje så rart for eg vakna veldig tidleg i dag, og så var eg stappmett. Ei lita stund etterpå ringde det på døra, og det var Helge som kom, for å sjå på datamaskina mi. Han fann ikkje att det som eg hadde frå før på WORD men han fekk til å lage nytt og lagre. Så no kan eg få lage Sudoku-ark om ikkje anna - og skrive brev. 

Marit har vore mykje vekke og så har ho hatt besøk, så då ho var ute og henta post, ropte eg å henne såpass vi fekk ein liten prat. Det er ikkje råd å få gjort noko ute, plukke bær t.d. så lenge det regnar, ikkje kan eg drive å vaske og styre inne heller, når eg ikkje kan ha ut eit golvteppe. Ergo, må eg kanskje ta fram strikketøyet igjen. Helst burde eg ha mosjonert for eg kjenner at det trengst, men det er ikkje kjekt å gå tur heller i dette veret, så eg får koke meg ein kaffikopp og vente på godver.

 Mine tre barn er vel meir og mindre på heimveg. Det blir no kjekt å høyre korleis dei har hatt det, vi får no prøve å samle flokken litt om det let seg gjere.

                      Lollo kvider visst med å gå over gata i regnveret.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...