onsdag, juni 11, 2014

Dagbok 2014: 11.juni


Tok bilde av månen før den fosvann bak Melshornet, men vi ser berre ei lyssky.

Klokka er snart halv ni, temperaturen ute er +15 grader C, og det har vore enda ein fin sommardag, med både sol og regn. Det regnet som kom sist natt greidde ikkje å væte stort, så eg vatna litt på føremiddagen, seinare fekk vi eit par skikkelige byger.
SIdan Margrete skulle til Ulsteinvik og vere norsksensor, var Erlend her hos oss. Han er ingen krevande gjest. Det meste av tida er har fråkopla eller tilkopla alt etter som ein ser det.
Vi hadde lunsj med brødskiver i 12-tidag, og sidan eg ikkje visste kva tid Margrete kom eller kor lenge ho kunne stoppe, tok eg like godt å laga ei stor pannekakerøre. I verste fall kan ein fryse ned pannekaker. Eg var meir enn halvveges i steikinga då Margrete ringde frå Ulsteinvik, og nesten ferdig då ho kom. Ho sette pris på både pannekaker og kaffi, men no føler eg at det er på tide med eit skikkelig fiskemåltid.
Nils har gjort litt hagearbeid i dag, og så kjem det folk på døra og spør etter han, og andre ringer og pratar i "timesvis". Eg føler at han er meir populær enn eg, men tek det ikkje tungt.
Akkurat no er han med nabo Jørn ut og set båten hans på sjøen. Den har vore på sørvis i Fosnavågen.
Mens Nils har vore vekke, har eg fått gjort ein del husarbeid. Det har ein liten tendens til å hope seg opp i finevêret.
Eg har lese bok etter bok etter bok i eit visst tempo, og følte etter kvart at alt gikk inn eine øyret og ut att det andre. Det kan vere bra nok somme tider, men når ein kjem frampå ei litt spesiell bok, bør ein ta seg tid til å lese den med meir ettertanke. Så no les eg om att "Profetene fra Evighetsfjorden" av Kim Leine. Det er ei prisbelønna bok, og eg følte ikkje at eg hadde fått skikkelig tak i den. Eg har stor glede av å lese den om att. La opp eit lite strikketøy såpass eg kunne sitte framfor datamaskina og høyre på opplesinga, det er betre enn å gå med pluggar i øyrene. Hadde ikkje boka vore så stor og uhandterlig skulle eg gjerne ha lese den på papir.

1 kommentar:

arieldog sa...

Takk for barnepass og pannekaker! Eg gjekk rundt og vasa på Plantasjen i ein halvtime utan å kjøpe anna enn sen til kantklipparen. Mangla inspirasjon.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...