tirsdag, juni 10, 2014

Dagbok 2014: 10.juni

Klokka er 21.45, temperaturen er 19 grader C, max temp tidlegare i dag var +27 grader C. Det var sol før middag, men så skya det over. Trudde det skulle kome ei liknande byge som sundag, men hittil har det berre vore små dropar.
Det vart ikkje gjort mykje verken ute eller inne i dag; eg rydda kjøkkenet og så hjelpte eg Nils litt med å reparere hagemøblane. Eigentlig skulle vi kassere dei i fjor, men så tok vi og beisa dei om att i staden. No var føtene nokså rotne, så vi sette på nokre klossar, så held dei i år også. Dei var kjøpte til Rasmus sin konfirmasjon, og er altså 35 år gamle. Då det skya over og ikkje var fullt så heitt lenger sov vi middag på altanen.
Vi dusja og bytte om og så reiste vi til Volda på musikkskulekonsert - på Eben Eser.Det er veldig kjekt på desse konsertane, mange flinke elevar og ikkje minst LÆRARAR. 
Erlend skulle spele piano, og var ein av dei siste som slapp til. Det gikk veldig fint. Synd at han held på å miste interessa for piano, no er det slagverk som gjeld!
På heimvegen handla vi på Rema 1000. Kjøpte ein pizza til kvelds sidan vi ikkje har hatt middag før i dag.
I dag fekk eg somla meg til å bestille time på Smerteklinikken i Volda; eg kjenner meg alt betre!
I morgon skal Erlend vere her hos oss, mens Margrete er på sensor-oppdrag.Ingen sak å "passe" den karen!
No ventar vi på regnet, eg har ikkje vatna i dag.

1 kommentar:

solveig sa...

Ikkje eg heller! Åkeren må vatnast kvar dag. Satsar på hjelp i natt.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...