mandag, juni 09, 2014

Dagbok 2014: 9.juni

Klokka er 18.30, temperaturen er ca +20 grader C, det er lettskya og fint ute. Akkurat no er sola framme også.
Vi hadde ingen planar for dagen i dag, eg var for så vidt ganske bra, men tok ikkje sjansen på for mykje gåing. Derfor bestemte vi oss for å køyre opp på Standalseidet. Det vart ikkje til at vi stoppa der så lenge, DET skulle vi gjere på tilbakevegen. Men då vi kom ned til Store Standal, hadde vi meir lyst å køyre "kysten" heim att.
Vegen ned mot Store- Standal
På andre sida av fjorden ligg Trandal-gardane, der det kvart år er stor festival.
Her ser vi ut mot Festøya på venstre sida i bildet.
Mange nedlagde småbruk langs vegen, og eit vell av alle slags markblomster, ikkje minst i vegkantane.

Det vart ikkje tatt noko særlig bilde på turen. Nils kasta med troa eit par gonger i Hjørundfjorden, men eg sat i bilen og studerte kart. Akkurat då var det kald vind.
Då vi kom heim laga vi gammaldags middag med poteter, grønerter og kjøttkaker i brun saus.
Så la vi oss på solsengane ei stund før vi drakk kaffi. Eg las ut boka mi mens Nils såg fotball på TV.
No er Nils i Rjåneshamna og hjelper Jørn med å ta opp båten hans; eg har tatt inn kleda eg hengde ut i går, og hengt ut ein ny klesvask. Tok litt ugras i beddet ved garasjen også. Det var fort gjort.
Vi har ikkje reist nokon stad i pinsa, likar betre å reise på kvardagar, då det meste er ope. Vi som har heilårsferie har høve til det.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...