lørdag, juni 14, 2014

Dagbok 2014: 14.juni

Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 20 grade og sola skin som ho har gjort i heile dag. Så veldig varmt har det ikkje vore, og det er på grunn av vinden.
Øvst på dette blogginnlegget ser de eit bilde av Lisjevatnet, det ligg ved den nye vegen som går frå Fyrde (Sentrum i Austefjorden) og opp til det som no er E39.
I dette vatnet lever Nord-Europas største paddestamme, og då den nye vegen vart bygd, var det fare for at altfor mange vart drepne om dei måtte krysse vegen. Derfor fekk dei laga tunnelar under vegen, så paddene skulle kome seg velberga frå vatnet og opp. Det var mange som flira av dette tiltaket til å begynne med. Men så fekk vi vite at padda er ein trua dyreart, og derfor må bergast. Før kanalane vart laga, var det eldsjeler som i sesongen bar padder over vegen, eit år bar dei ca 9000 padder! Alt dette fekk vi vite då vi var på avduking av betongpadda i dag.
No er det ikkje alle som veit skilnaden på frosk og padder, somme stader blir namna brukte om einannan fordi folk trur det er same arten. Det er det ikkje. Eg veit sant å seie ikkje om eg har sett ei padde, men froskar har eg sjølvsagt sett mange av. Det er veldig lett å sjå skilnaden; viss dyret hoppar er det ein frosk. Padder kan ikkje hoppe.
Vi var på plass klokka 11.00 då kunstverket skulle avdukast. Og det var stor stas ,særleg for dei som bur i Paddegrenda; norske flagg, hornmusikk, og mange talar. Då duken vart dregen av padda, varte det ikkje lenge før ungane klatra opp. Det er laga ein rasteplass ved sidan av, tippar den blir populær, særleg for småbarnsforeldre - og ungane sjølvsagt.



Vi trefte mange kjende der inne, blant anna desse karane, som sjølvsagt hadde med seg konene også.
På vegen heim køyrde vi gjennom Hjartåbergtunnelen, som skulle offisielt opnast straks etterpå. Det stod vi over. Vi stod også over seremonien ved Eiksundtunnelen.
Vi reiste heim og laga oss middag og sola os på altanen, til det var på tide å fare på ballettshow. Eg blir meir og meir imponert over det dei får til på ballettskulen. I dag brukte dei ikkje kulissar, og då var det som om både dansarane og dei flotte kostymane kom betre fram når dei berre hadde ein mørk bakgrunn. No skal vi ha oss litt mat, det blir vel ein lang fotballkveld. Eg kunne gått ein tur, men hofta og foten er i ulage. Det går vel nokre dagar før medisinen virkar. Håper det beste.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...