fredag, juni 13, 2014

Dagbok 2014: 13.juni

Klokka er 21.00, temperaturmålaren ute viser +18 grader C, men eg kan ikkje garantere at ikkje sola har vore litt for nær. Det er i alle fall strålande vêr, nesten utrulig etter det voldsomme regnet i går. Men dette likar eg; at det regnar skikkelig når det rgnar, og sluttar igjen! Det gikk med gru opp for meg i dag at om berre vel ei veke snur sola og dagane vert kortare. Vår-og forsommartida går berre så altfor fort.

Frå morgonen av var ikkje vêret så srålande, så då fekk eg gjort det eg hadde tenkt, støvsuga alle teppegolva, tørka støv etc. Ei lita ommøblering i stova vart det også, det er slikt som skjer av og til.
Vi åt eit lite lunsjmåtid før eg dusja og vaska håret- og så reiste vi til Volda, der eg vart spøyta full av smertelindrande gift. Det var to år sidan sist, så legen meinte eg hadde litt å gå på om eg måtte ha ein omgang til. Hittil virkar det bra.
Ikkje kafebesøk i Volda i dag; vi handla på Amfi då vi kom tilbake, og kokte poteter då vi kom heim. Menyen var spekemat.
Middagskvila tok vi på altanen- eg med Kim Leine og "Profetene i Evighetsfjorden". Utrulig kor lite eg fekk med meg første gongen eg las boka. Eg er verkeleg glad for at eg bestemte meg for å lese den om att.
Eg rydda litt i hagen - veldig lite altså. Og så la eg med ut att på altanen og las vidare til klokka var halv ni, då gikk sola ned bak rekkverket. No er ho heilt vekke frå Vallabøen, men dei på andre sida av fjorden kan nyte sola lenge enno. Ja,ja, om vinteren er det motsett, då er det vi som bur på solsida.

I morgon er det mykje som skjer. Eiksundsambandet blir gratis, tunnelen er nedbetalt. Så skal siste tunnelen på Kvivsvegen offisielt opnast, og Padda skal avdukast. Det er samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen som er staten sin utsending.
Program for dagen:
Kl.12.30 - 14.30: Offisiell opning a av E39 ved Hjartåberga.
Kl. 11.00: Paddemarkering. Avduking av paddeskulpturen ved Litlevatnet i Austefjorden.
Kl. 15.00: Bompengeinnkrevjinga på Eiksundsambandet vert avslutta på Steinneset ved Ketil Solvik-Olsen.

Eg veit ikkje om vi blir med på noko av dette, men ein ting skal vi i alle fall vere med på, og det er ballettframsyninga klokka 18.00. Sist var det jazz og hip-hop, denne gongen er det klassisk og contemporary, og sidan Amanda dansar jazz og contemorary møter vi på begge framsyningane. Elles har Nils kjøpt seg utstyr til kredefise i fjellvatn, så viss det blir fint vêr på søndag, skal han vel prøve utstyret.
Ønsker alle ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...