Etter frokost var vi ute og jobba ei stund, klipte kantar og plen. Eg tek mesteparten av kantane, mens Nils klipper plen. Dei første staudene er alt avblomstra, heldigvis kjem det stadig nye i blomst. No blomstrar dei gule liljene, irisen og dei blå storkenebba (geranium) - blant anna. Måtte vatne litt i dag også. Så snart det blir tørt i blomsterbedda er kattane der og grev.
Så var det styremøte i pensjonistlaget, vi held til på biblioteket, så eg fekk levert tilbake "Tirsdagsdamene" og fekk med meg tre lydbøker heim. Oppdaga at eg hadde lese den eine før-dei to andre har eg rippa. Har begynt å lese ei som heiter "Serene"- virkar bra. Kan vere ei kvild å lese noko normalt etter det lange opphaldet i "Evighetsfjorden". Eg likar lydbøker, slik at eg kan ha fingrane borti noko mens eg les. Det har blitt mykje lesing no i desse fotballtider, men i kveld fekk eg faktisk sjå ein TV-serie. Kjekt!
Elles var eg litt husmoderlig på ettermiddagstid, baka brød og strauk klede. Klokka var ca 18.00 før eg kom meg ut på altanen.
På bildet øvst på bloggen, kan de sjå at ein av naboane har fått ei gravemaskin på plass, så no lurer vi på kva som skal skje.
I morgon tidlig skal Nils og Hassan ut og fiske makrell, dei seier at den er komen. Så får vi sjå kva eg skal finne på; det kjem litt an på vêret, men fjelltur blir det ikkje.
Himmelen i nord ved midnatt. Dette har eg ikkje sett før.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar