lørdag, juni 28, 2014

Dagbok 2014: 28.juni

Dei fem første åra vi var i Ørsta budde vi på Melle. Gardane på Melle ser vi på høgre sida av bjørka øvst oppe.Om vinteren er eg glad for at vi bur på solsida, men i fine sommarkveldar kan det skje at eg "lengtar" tilbake til Melle. Men det er vel helst TIDA eg ville hatt tilbake.

Klokka går mot 21.00, og fotballkampen mot slutten. Ja, eg ser ikkje fotball, men høyrer kampen i bakgrunnen.
Vêret har vore strålande i dag også, litt varmare enn vanlig, og mindre vind. Temperaturen er no +19 grader C, og sola skin enno.
Dagane går fortare unna enn det eg likar, og vi får ikkje utretta så mykje.
Før middag i dag gikk vi å sosa ei god stund før vi kom oss stad og handle. Det var ei buske eg ville ha tak i, men dei hadde ikkje sorten verken på Tilseth eller på Plantasjen. Kjøpte litt småplukk på Plantasjen, så vi ikkje skulle kome heim heilt tomhendte.
Mat handla vi på Kiwi. I dag hadde vi sommarskinke til middag, med "brun" ris og salat til, i morgon skal vi ha laks. Vi prøver etter beste evne å leve relativt sunt.
Etter middag sola vi oss på altanen, og etterpå var eg ute og planta litt, pluss vatna der som det var tørt. Har prøvd med kaffigrut i blomsterbeddet, og det ser ut til at det held kattane vekke. I kveld sådde eg reddikar og ruccolasalat i ei plastkasse. Eit år sådde eg ruccola i beddet, men det vart for mykje av det gode, den vaks som ugras.
Eg synest vi har hatt ein lang og fin sommar allereie, og enda har vi ikkje begynt på juli. Margrete kjem vel heim frå Trondheim i morgon. Våre planar er heilt i det blå.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...