søndag, juni 29, 2014

Dagbok 2014: 29.juni

Klokka er snart 22.00, men det er framleis lys dag ute, sjølv om det har skya over. I heile dag har det vore sol og fint vêr, men litt vind- no får vi kanskje vêrbyte. Temperaturen ute er no + 15 grader C.
Eg har vore heime heile dagen, men Nils var ein tur i skogen før middag. Sidan det ikkje var så mykje å finne på, tok eg like godt og bytte på sengane og vaska soverommet, var redd fineveret ikkje ville vare til i morgon. No heng ein stor halvtørr klesvask ute- og så er vona at den skal bli heilt tørr i morgon.
Til middag i dag hadde vi steikt laks. Det var veldig godt. Eg Woka ein pakke grønssaker til - av typen "Perfekt til kylling". Smakte godt til laks også. Til dessert vart det jordbær utan fløte - det får no vere grenser.
Elles har eg lege ein del på solsenga med tjukkelestar, ulltrøye og pledd etc. og høyrt lydbok.
Eg fekk telefon frå ein journalist som jobbar for Møre-Nytt, ho ville vite kva eg tykte om opplesinga til Rønnaug på fredag. Det var laust avtalt på førehand. Eg hadde ikkje meint at eg skulle nemnast på namn, men no ville ho forme det som eit intervju med meg. Skitt au, det får berre stå til! Men eg er inga linselus, for å seie det slik. Grunnen til at ho spurde meg, er fordi vi kjenner kvarandre frå før.
No har vi ete kvelds og eg har sett eit program på TV-Nils påstår at han skal ikkje sjå fleire kampar i dag.
Veldig trist med bilulykka i dag, det var i nærleiken til tunnelen som vart opna for 14 dagar sidan.
Margrete er vel heime frå Trondheim, Rasmus blir i Danmark litt til, og så skal dei ein tur til Sverige før dei reiser heim att.
No pøsregnar det!



Ingar på Grenå

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...