Klokka er 21.00 og vêret er som før: sol og fint. Temperaturen er + 16 grader C.
Seint på ettermiddagen trudde vi det kom ei regnbyge, som i går, for vi høyrde torden innimellom fjella, og himmelen var svart. Men i dag rakk ikkje bygene hit.
Då eg vakna i dag, var eg åleine i huset. Nils var vekk for å fiske. Men han kom att utan fangst i dag.
Eg brukte føremiddagen til husarbeid. I dag baka eg i alt ni brød, og rydda fint opp kjøkkenet då rotet var over. Elles har eg vaska klede, prøver å rydde opp i alt som heng og sleng rundt omkring, og fekk tatt inn det som vart vått av regnet i går.
Til middag åt vi pølser frå frysaren, med erterstuing og poteter til. Vi prøver å bruke av matlageret vårt.
Etter middag låg eg ei stund på solsenga, framleis godt påkledd, med ullsokkar og ulltrøye etc. Det er ikkje kjekt, men eg har ikkje noko val.
Nils har klipt plenen på nedsida av huset i dag, med den elektriske klipparen. Eg har mykje eg skulle ha gjort både ute og inne, men må vente på betre dagar.
Margrete og ungane er no komne heim att. Solveig og Co er i Roma og Rasmus framleis i Grenå.
Om vi kjem oss på tur er heilt i det blå-
Og no skal vi blade om til neste side i kalenderen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar