tirsdag, juni 24, 2014

Dagbok 2014: 24.juni

Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er +  grader C og det har vore ein strålande dag, med sol frå nesten klar himmel. Så veldig varmt har det ikkje vore, for det har blese.
Då eg vakna i dag, var Nils vekk: må innrømme at eg likar så passelig at han fer på sjøen åleine utan å seie ifrå på førehand. Han vart ikkje vekke så lenge, og fangsten var liten. Det bles på sjøen også.
Føremiddagen vart ikkje så lang, sidan vi skulle i gravferd klokka 13. Men vi rakk å jobbe litt i hagen; eg reinska ugras og Nils klipte plenar.
Då vi kom heim , åt vi litt og la oss på altanen-eg med lydbok.
Seinare gikk eg ein liten tur rundt på Bøen, mens Nils prata med naboar. Og så vart det tid for middag, fersk småsei smaka godt, og så vart det ei kaffikopp attpå.

Juni  er tida for stauder, og heldigvis kjem ikkje alle på same tid. Dei blå storkenebba er eg veldig glad i sidan eg elskar blå blomster. Eg fekk i si tid 4 slike av ein nabo. Det er ein geranium-variant, og desse er veldig like dei "ville".  Såg tre humler på samme tid i dag og det er eit godt teikn.  
Alt er tidlig i år, blomkarsen har fått sin første blomst, jordbær et vi litt kvar dag, og caprifolien  blomstrar.
Har fått bilde frå Legoland, der gutane til Rasmus boltrar seg, og melding frå Trondheim om at Margrete og ungane er vel framme.
Som de sikkert har registrert har det vore fødselsdagar i fleng for tida, men no er det stillstand fram til 3.juli.

I dag fyller Einar år og vi gratulerer med dagen!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...