Klokka er ca 21.30. Temperaturen ute er + 12 grader og det er skodde og regn. Det er litt trasig, for no var vi godt vande.
Før middag var det opplett, så då fekk vi rydda på muren ned mot naboen, krypmispelen som vi hadde planta der, miste livet i fjor vinter, etter å ha halde muren på plass i mange år. No var den blitt så tørr og sprø at det var mulig å klippe den. Nils var på VØR med avfall frå hagen+ diverse anna.
Fekk melding frå Audun at han og mora ville ta ein tur seinare på dag, så vi tok tidlig middag. I dag var det altså kald, kokt makrell med rømme og agurksalat. Eg åt litt meir enn eg hadde godt av.Det er noko spesielt med den første makrellen om sommaren.
Audun er ferdig med studiane sine , etter fem år i Oslo. No skal han i det militære, til Kjevik ved Kristiansand i første omgang. Det var kjekt at han ville komme hit og helse på oss før han reiser.
Dei kom i 17.30-tida, Olaug var også med. Vi drakk kaffi og prata; og karane fekk med seg ein fotballkamp også. No er det ein ny kamp, og Nils er på plass i godstolen. Eg har ei lydbok som eg les innimellom. Eg blir nok aldri interessert i fotball, men brukar å sjå finalekampen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 16.august
Klokka er no 18.40, temperaturen ute er+16 grader C og det blæs litt. PÅ bildet over her ser vi svartsurbærbuska mi. Det er ingen ting som...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar