torsdag, juni 19, 2014

Dagbok 2014: 19.juni.

Klokka er 18.45, temperaturen ute er + 14 grader, det regnar og sola skin- på samme tid. Noko som resulterer i ein regnboge over huset til naboen.
Nils hadde legetime tidlig på dag, og mens han var vekke fekk eg vaska kjøkken og bad. Vi hadde nokre ærend til Vik, og så blei freistinga for stor, så vi reiste gjennom tunnelen, og vidare til Fosnavåg. Ærendet var å kjøpe fiskesaker på Dyrkorn, der vi er minst ein gong for året. Men først måtte vi ha mat. Vi fann att kafeen vi hadde besøkt sist vi var i byen, og der var det lunsjbord, der ein kunne ete så mykje ein ville til ein fastsett pris. Det passar veldig godt for slike som oss. Varmretten var kyllinggryte, den kunne ha vore god om kyllingen ikkje hadde vore så tørr. Elles var det ris og brød til+ diverse anna: salar, tomat,agurk, oliven, egg, reker, feta etc. etc. Vi vart rimelig mette! 
Eg kika litt i butikkar, men var ikkje i form til å trakke så mykje rundt, og vi har like bra utval av det meste her i Ørsta.
På heimvegen var vi innom PEKAS der vi endelig fekk tak i spon til varmkomposten, det var ikkje å oppdrive her. Nils fann seg også nokre gode linestampar og eg fann meg ei plastkorg til å bere klesvasken i. Same kor mange billigbutikkar som finst, har dei ikkje same vareutvalet.(Butikken ligg i nærleiken av der vegen tek av til Måløy).

Då vi kom heim, måtte vi først ha oss ein kaffikopp og så sette Nils seg til å lage nytt makrellsnøre, han må ha minst to om han skal ha med seg nokon på fisketur. Han hadde fått tak i rustfri onglar og raud slange, og på eit øyeblikk hadde han 80 ferdige krokar. Så står det att å knyte dei på sena.
Vi hadde ikkje lyst på makrell i dag sidan vi åt så godt i går. Men i morgon skal vi steike det vi har att av den første fangsten. Den var ikkje så feit, og då blir ein ikkje så lei av den.
Eg hadde ikkje med fotoapparat til Fosnavågen i dag, like godt for det både regna og bles. 

I dag kan vi gratulere Elin på Rygg med dagen!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...