fredag, juni 27, 2014

Dagbok 2014: 27. juni


Klokka er snart halv åtte og vi har brukt opp enda ein vakker sommardag. Sol og fint heile dagen, men ikkje særlig varmt i dag heller.No er temperaturen + 18 grader C.
Eg hadde avtale med veninna mi at ho skulle hente meg kvart på 11, så eg fekk ikkje gjort stort anna enn å shine meg opp og kle på meg før ho kom. Eg har ganske mykje sommarklede som er relativt lite brukte, men i dag fekk eg ta på meg nokre av plagga.
Vi var ikkje før komne på Føniks før Rønnaug kom bort til bordet og helste på oss. Ho var i fin form, og det var kjekt å høyre henne lese. Dessverre vart novellesamlinga "Ikkje for varmt, ikkje for kaldt" utseld før eg fekk kjøpt den. Men skal nok få tak i den ! Korttekstsjangeren høver veldig godt for Rønnaug sin måte å skrive på. Tekstane er skorne inn til beinet- ikkje eitt ord for mykje. Det kan eg like. I tillegg skriv ho eit utsøkt nynorsk. (Ho er opprinneleg frå Vartdal).Det var fullt hus på Føniks i dag!
Mens eg var på kafe var Nils ute og fiska. Han fekk ein stor torsk som vi hadde til middag seint på dag; den fekk ligge med salt nokre timar. Eg er opplært til at ein berre skal ete torsk i månader med R i namnet, så eg var litt skeptisk. Men eg åt fisken, og så vidt eg kan bedømme var det ikkje noko i vegen med den. Mens Nils koka fisk plukka eg jordbær, og i dag var det meir enn vi greidde å ete opp i ein gong. Så tidlig jordbærsesong har eg aldri opplevd før, men eg lurer på kor lenge den skal vare.
Vi er ikkje slik at vi syltar og rører og frys til vinteren, men blir det mykje, så skal no litt i frysaren også.
Har lege på altanen og lese ut boka mi i dag, men eg har fleire på lur !
Blei skikkelig flau då eg oppdaga at det var gullbryllaupsdagen til Bodil og Svein i dag. Har tenkt på det før, og visste om det, men så har det gått i gløymeboka. Vi får prøve å gjere det godt att ved eit seinare høve. Hilde og Oddvar har også bryllaupsdag i dag. Det er 27 år sidan vi feira bryllaup på Raftevoll Hotell. Eg kan hugse at eg hadde med meg bilde av det første barnebarnet vårt, som var fødd nokre få dagar før. Det er berre uhyggeleg kor fort tida går.
Håper at begge "brudepara" har hatt ein fin dag.
I kveld er det ikkje så mykje fotball, så då blir det litt anna å sjå på TV!
Ønsker alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...