Klokka er 21.15. Temperaturen er + 13 grader C. Det har vore fint, lettskya vêr i dag også, finast mot kveld. Vi har framleis litt kald vind, så det er best å halde seg på altanen.
I dag har det ikkje skjedd så mykje. Eg brukte føremiddagen til å vaske og støvsuge til helga, det blir fort mykje rusk og rask i huset når ein går så mykje ut og inn. Eg har halde meg unna hagearbeid i dag, sidan eg har dårlige erfaringar med bøy og tøy. I staden har eg lege på solsenga med lydbok.
Nils har helde på med reparasjon av grasklippar i dag også. No virkar maskineriet, men han er ikkje heilt sikker på om den ikkje tek fyr igjen.
Til middag i dag vart det kjøpepizza, det er heilt OK ein gong i blant.
Har ikkje høyrt frå barna i dag, men så vidt eg veit er Solveig & Co er i Milano, Margrete i Trondheim og Rasmus i Legoland framleis. Det var i dag "Lommerosk" skulle spele i UKM -men eg veit enno ikkje korleis det har gått.
Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen i dag, men i morgon skal eg på kafe i lag med ei veninne og høyre Rønnaug Kleiva lese frå ei av bøkene sine. Forfattaren Rønnaug Kleiva er ein tidlegare kollega. Ho er her i samband med Dei nynorske festspela.
No skal eg sjå eit TV-program om Maria Montesorri.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar