tirsdag, desember 29, 2020

Dagbok 2020: 29.desember

Klokka er no 16.35, temperaturen ute er + 1 grad, eg synest det er kaldt, men har det godt og varmt inne. Tenkjer på første vinteren vi var i Ørsta og budde på Melle, då var temperaturen rundt minus 20 i lange tider, vi fyrte og fyrte i det gamle huset, og hadde problem med å få det varmt nok. Det var den tida vintrane var kalde og fulle av snø.I dag vakna eg tidleg utan at eg stod opp av den grunn-låg til nærmare kl.9. Etter frokosten støvsugde eg alle teppegolva og vaska bad og kjøkken.Rista teppe og styrte på. Fekk ein pause i arbeidet då Ambjørg ringde og vi fekk oss ein lang prat. I 15-tida åt eg såkalla "middag"-i dag vart det brødmat igjen. Etter måltidet sette eg meg i godstolen og las, men det varde ikkje lenge før eg var over i draumeland, eg vakna etter ei stund, men jammen sovna eg ein gong til. Ja, det gjer ingen ting, for eg kan vere oppe så lenge eg vil i kveld. I går strikka eg på eine erma til jakka mi, i dag blir den sikkert ferdig så eg kan begynne med erm nr.2. Det går bra med armane, men eg har ein tommel på vestre handa som ikkje likar at eg strikkar for mykje; eg treng no ikkje å strikke allverda kvar dag, det er ingen ting som hastar. Det er berre eg som er slik: Fort ferdig! Fort og gale! Helst skulle jakka vore ferdig i går. Det er greitt nok når eg strikkar lester å tenkje slik , men ei jakke treng eg lenger tid på. Det blei altså ikkje tur ut i dag, men det var heller ikkje planlagt. Har ikkje vore på butikk heller, men har meir enn det eg treng i hus. Det er ikkje noko problem med å vere her åleine, eg har bøker,strikketøy -og TV ikkje minst, det er mykje å sjå der når eg har Nettflix i tillegg til dei vanlege kanalane. Eg kosar meg !-Men lengtar sjølvsagt mot den dagen då vi er ferdig vaksinerte og kan ha vanleg omgang med kvarandre, det tek si tid, det er mange som får vaksinen før meg.No skal eg ned i kjellaren og sjå til klesvasken, og så får eg finne fram strikketøyet.Kanskje litt kaffi hadde gjort seg?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...