onsdag, desember 30, 2020

Dagbok 2020: 30.desember

Klokka er no 16.25, temperaturen ute er minus 2 grader C og det har vore ein nydeleg dag, men dagane er korte og det er alt møkt ute.Eg var oppe til vanleg tid og styrte med ymse, la i omnen t.d. Var innom datamaskina og der hadde Marit skrive om Raset på Gjerdrum. Ho brukar å sjå nyheiter på TV om morgonen, det gjer ikkje eg, men i dag måtte eg gjere det. Eg synest at det ofte skjer dramatiske ting i jula, men det er kanskje fordi der er i jula det skjer at vi hugsar det så godt. Asker-flyulykka var lille julafta, Tsunamien var 2.juledag, og så har vi hatt stormar, nyttårs-orkan ein gong og orkan i jula ein annan gong. I dag har eg hatt på TV heile dagen og følgt med. Eg synest at folk er flinke til å stille opp og hjelpe, både dei som har det som jobb,og andre frivillige som hjelper til. Og Erna måtte på plass ho også, sjølv om det er jul. Det som er mest spennande er om dei får greie på kva som har hendt med dei 21 som ikkje er komne til rette. Det vart til at eg gjekk ein tur på Vernet i dag også, for å komme meg ut litt. Eg trefte fleire eg kjenner og slo av ein prat. Då eg kom ned att på bilvegen trefte eg ein pensjonert lege med rullator. Eg kjenner han litt frå før, så vi vart gåande å prate saman. Han fortalde at han går 5 kilometer for dag, med rullator eller stavar. Eg spurde korleis han målte -og det var på telefonen, sa han. Då eg kom heim att kokte eg risgraut til middag i dag, med tanke på dessert i morgon. I dag gjorde eg slik som mamma gjorde, eg la koparpengar på plata og sette gryta over. Grauten sveid ikkje i botnen i dag. Elles har eg strikka nesten ferdig første erma og begynt på den andre på jakka mi.Eg strikkar når eg ser TV. Eg har tatt opp av frysaren ei svineribbe som eg kjøpte før jul. Eg har tenkt å steike noko av den, og salte resten. Dette får vere siste utskeielsen i matvegen denne jula. Må nok snart til med strieskjorte og havrelefse igjen, og godt er det. Eg hadde tenkt at Marit skulle komme ned til kaffi i dag, men ho var invitert til Volda. Eg kjeder meg aldri, eg har mykje å gjere, og TV-en syter for underhaldning. I morgon er det nyttårsaftan, og eg håper som vanleg(forgjeves) at det ikkje blir så mykje rakettoppskyting, det er alltid nokon som vert skada av det også-og hundar og andre dyr blir redde. Eg vil ønske alle ei fin nyttårsfeiring !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...