onsdag, desember 23, 2020

Julebrev 2020.

Kjære alle saman. Eg har heilt slutta med å sende julekort og-brev. Eg har inntrykk av at alle nære venner er innom bloggen min, derfor skriv eg her. Vi er no komne til "Lille lulelaff" som det heitte her i huset før. Det var eit uttrykk frå Solveig var liten og ikkje snakka heilt reint. Eg har vaska golvet, men elles har det vore lite juleførebuingsarbeid her i huset; har baka litt og handla inn mykje, så eg trur ikkje eg kjem til å svelte i jula. Håper også at familien kjem innom i mindre grupper enn vanleg. I morgon på julaftan skal eg vere på Hareid. Eg blir henta og bringa. Tradisjonen med å feire jul på Hareid begynte etter at alle barna var flytta ut og Nils og eg vart att åleine. Ja, åleine var vi vel ikkje så lenge vi var to. Eg treng vel ikkje å minne om at dette har vore eit veldig spesielt år, men no er vaksinen i kjømda og eg er meir varsom enn nokon gong med å vere sosial. Når eg tenker tilbake på 2020, så kom Koronaen i mars og eg gjekk i frivillig karantene.I dei dagane hadde eg glede av å feire at eg var blitt gammal,dvs.80 år. Eg var her heime åleine, men naboane stilte opp utanfor på gata med flagg og trompet og song for meg. Det gledde meg! Elles hadde eg kontakt med mange i familien på nettet. Mange blomster og andre gåver blir ein veldig glade for i ei slik tid. Sommaren var ikkje så streng, då kunne ein vere ute i lag med naboar og andre, nokre korte turar vart det også. Eg var på kafé fleire gonger og det var ikkje så strengt. Då hausten kom starta vi opp att med trening hos fysioterapeuten, og spanskkurset starta opp att-men med strenge koronatiltak. Eg har gått på butikkar heile tida etter at eg gjekk ut av karantenen, men no går eg berre på ein butikk og kjøper mat. Tre gonger har eg vore til kyrkje i denne tida. I juli vart oldebarnet mitt, som vart fødd 5.april, døypt i Hareid kyrkje. Berre dei som skulle vere med i selskapet etterpå, var i kyrkja. Farmora til Margrete sine barn døde i august og då var eg i gravferd frå Volda-kyrkja.For fem år sidan var alle fire besteforeldra fadrar til Amanda , som vart døypt i ein alder av 15 år. No er det berre eg som er att av dei fire.Nokså vemodig. Den 12.desember var eg i Volda-kyrkja igjen. Denne gongen for å vere med når Håkon og Birte gifta seg. Det vart ei enkel seremoni, med berre foreldre og besteforeldre. Bryllaupsfeiring blir det kanskje seinare. Nesten alt har vore spesielt dette året, det har vel alle fått erfare. Kvart år når eg ryddar bort julestasen, lurer eg på korleis neste jul kan bli-men pandemi har aldri vore i mine tankar. No er alle barnebarna som bur her komne heim til jul. Alle har testa seg og alle testane var negative, så derfor kan eg treffe dei.Margrete og hennar flokk har vore her, men eg har ikkje treft alle hareidsdølane enno. Så vil eg nemne Marit, venninna mi, som også har mist mannen sin. Vi gjekk i same klasse på gymnas, men var ikkje nære venner den tida. Marit bur rett over vegen og vi kan ha auge med kvarandre heile tida, nesten. Vi ser etter om den andre har sett på lyset om morgonen og så skriv vi meldingar på Messinger. Vi går i lag på trening og på butikken og gravplassen. Vi køyrer kvar sin gong, og i bilen kan vi ikkje halde avstand, derfor kan vi vere i lag andre stader også. I dag fyller Marit 82 år og eg skal ein tur opp til henne. Det er godt å ha nære venner i ei slik tid. Då står det att å ønske alle i familien og alle andre venner ei god jul, og alt godt i det nye året !Vi håper alle på det beste. (Beklager at eg ikkje kan ha avsnitt, det er maskina sin feil)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...