lørdag, mai 30, 2026

Dagbok 2026: 30.mai

Klokka er no19.28, og temperaturen ute er +12 grader, det er oveskya og skodde, så sola er ikkje å sjå.

Eg hadde ikkje tenkt ut kva eg skulle finne på i dag, så eg vart sittande meir og mindre utan å få gjort nokon ting. Men då det leid ut på ettermiddagen greidde eg ikkje å halde ut lenger, eg berre måtte ut og rydde litt i hagen. 

Når vi klipper plenen kjem vi ikkje heilt ned på muren nedst i hagen, der brukar eg å klippe med kant- klipparen. Men i år har vi ikkje somla oss til å få den i orden med snor og det heile. Det er Erlend som brukar å halde den i stand når den først er i gang.

Men i dag gjekk eg laus og klipte heile strekninga for hand. Det vart no litt betre i hagen då, men det er så mykje som må ordnast i år, denne våren har ikkje vore akkurat slik som vårar brukar å vere. Når eg har venta så lenge på å klippe for hand er det fordi det ikkje er det beste å gjere når handa ikkje er så bra. Gjort er gjort og det var kjekt å komme seg ut og jobbe. 

Elles har eg gjort fint lite i dag; eg trudde at det kanskje kom nokon på besøk, men det gjorde det ikkje, kanskje dei kjem i morgon?
 No blir det vel TV resten av kvelden.Synd eg ikkje får strikke ,då.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 30.mai

Klokka er no19.28, og temperaturen ute er +12 grader, det er oveskya og skodde, så sola er ikkje å sjå. Eg hadde ikkje tenkt ut kva eg skull...