søndag, mai 31, 2026

Dagbok 2026: 31.mai

 

Klokka er no19.15, temperaturen ute er +15 grader C, det er skodde og det regnar litt innimellom.
Eg har ikkje gjort så mykje i dag, men eg laga faktisk skikkeleg middag til m
meg sjølv i dag. Det vart ein av livrettane mine, nemleg spekesild. Dessert laga eg ikkje for det visste eg at Solveig hadde med seg når ho kom, og i dag kom ho med ein nydeleg rabarbradessert + krem.

Eg forklarte Solveig og Øystein kva som skulle vore gjort i hagen min-og då gjorde dei det. Då eg tømte kompostbingen hadde eg tenkt å kaste den, men så fann eg ut at eg kunne ha den til gras, så i dag sette Solveig og Øystein kassa på plass igjen og eg kan begynne å fylle opp med gras. Så blir eg ikkje så avhengig av å køyre på VØR støtt og alltid. Det kjem seg litt i hagen etter kvart men mykje står att, og mangt og mykje er ikkje slik det skal vere og har vore. Det er ein litt underleg vår vi har hatt.

Ikkje alt eg som det skal i hagen, Sjå på denne buska t.d. Eg brukar å kalle den BRURA,men kjolen er ikkje som den brukar å vere i år..
Når eg får i orden kantklipparen min , skal det snart bli litt finare rundt dørene, eg likar å styre i hagen så lenge det er overkomeleg,  eg ser veldig mykje som skulle ha vore gjort. Men så har eg no litt å styre med. Ein blir aldri arbeidslaus når ein har hus og hage.I dag er det siste dagen i mai, og i morgon begynner vi på sommaren. Tida går så altfor fort, synest eg.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 31.mai

  Klokka er no19.15, temperaturen ute er +15 grader C, det er skodde og det regnar litt innimellom. Eg har ikkje gjort så mykje i dag, men e...