fredag, mai 29, 2026

Dagbok 2026: 29.mai


 Klokka er no 22.00, temperaturen ute er +13graderC og det regnar, Tidlegare i dag var det opplett ei stund og ikkje så verst temperatur.
På bildet over ser vi Margrete med den yngste av døtrene sine, Amanda, ho har fått namet til mor mi, hennar oldemor. Amanda er no utdanna lærar, eller lektor som det heiter no. Både Margrete og Amanda er veldig glade i hundar, akkurat no har Margrete tre og Amanda 1.Grunnen til at Amanda kjem på bloggen i dag er at ho har fødselsdag, 26 år er ho no.Det er ikkje til å tru-tida går så fort.
Eg har ikkje gjort så mykje i dag, vaska litt fredagsvask på føremiddagen, det var alt. Har heller ikkje gjort hagearbeid i dag, det vart litt mykje i går. Sat ei stund oppe på Platten med Marit, men sidan har eg vore her heime åleine. Eg har ikkje gjort så mykje anna enn å sjå TV. Men ein treng no å slappe av innimellom.
I morgon må eg etterlyse ein person som kan rette litt på telefonen min, eg får ikkje bruke Vippsen slik det no er, og vippsen treng eg.
Sidan det er fredagskveld vil eg ønske alle ei fin helg. Eg håper fineveret som vi hadde kjem att.

1 kommentar:

bodilingeborg sa...

Fint bilde av Amanda og Margrete

Dagbok 2026: 21.juni

                                 Naboen klipte plenen min før helga  Klokka er no 18.08,det er opphaldsver, men eg har ikkje vore ute i dag,...