Klokka er no 19grader C, temperaturen ute er +11grader C og det er overskya , men opplett.
I dag har eg ikkje så mykje å fortelje for eg har vore ute i hagen og jobba heile tida, Eg hadde rettnok ei relativt lang middagspause, og då sovna eg framfor TV-en. Eg skal ikkje gå i med det eg har gjort, men det handlar om den delen av hagen der eg har prøvd å ordne opp litt. Eg trudde Erlend skulle vere her i dag , men han skulle reise til Sørlandet for å synge og spele- og det er no sikkert mykje kjekkare.
Eg jobba før middag, men hadde ei lang middagspause før eg tok fatt igjen. Det som eg treng er ein mann(?) som kan sette på plass kassa(karmen) som eg skal ha å samle gras etc.i. Det er ikkje sikkert det er så vanskeleg, men eg trur ikkje eg greier det heilt sjølv. Den kroken i hagen som dette går føre seg er den mest rotete delen så der er mykje å gjere. No når eg ikkje har bil får eg ikkje fare på VØR, så det hopar seg opp med sekker og rot. Våren kom så altfor tidleg og brått så det var vanskeleg å henge med. Eg ser også at diverse plantar ikkje har likt seg-og kanskje er øydelagde. No skal eg ikkje tenkje meir på hagen i dag,no skal eg finne meg noko godt til kvelsdmat-trur eg?
Syrinen står i blomst no. Den fekk eit sjokk rett før jul, då det kon litt vind ein dag. Då losna ein heil del inne i planten som eg tok vekk, men det viser ikkje no.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar