Klokka er no20.00, temperaturen ute er +9 grader C. det er lettskya og litt vind . I dag då eg stod opp var det ikkje så fint ver, men det kom eg etter kvart. Eg hadde ingen planar for dagen, men eg fann no litt å gjere både her og der. Eg kom på at eg skulle spyle altanen for der var så mykje rusk. Eg driv og matar fuglane på eit bord der ute , men dei ruskar veldig til rundt seg; så det gjorde godt å få spylt- Eg fann no ymse ting å gjere, men då det leid på dag var det så fint at eg gjekk på VERNET, det er lenge sidan sist eg var der så det var kjekt å komme opp, og så vart veret finare etter kvart.
Då eg kom heim var fleire av naboane i gang med å klippe plenar, så då visste eg kva eg måtte gjere eg også. Eg heldt fram der eg slutta sist, nede i skråninga. Det er ikkje berre det at der er gras, der er også ei tjukt teppe med mose under graset, så det er relativt tungt arbeid , men det går bra. Eg skulle berre hatt kantklipparen parat, eg veit ikkje om der er sen på den, det er Erlend som kan med den, og Erlend er ikkje her no. Trur eg må etterlyse han snart. Hadde eg hatt bilen så hadde eg vore meir sjølvhjelpt.
No skal eg finne meg noko godt å ete og så blir det vel TV resten av kvelden.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar