Klokka er 20.00. temperaturen ute er + 12 grader. Dagen begynte nokså grått, men vart etter kvart slik som på bilda her.
Eg hadde planlagt å støvsuge i dag, og det gjorde eg. Eg må fordele husarbeidet ut over heile veka, så kjem eg rundt på eitt vis. Nils tok seg ein tur opp i Skålavegen og kom seg heilt opp til gapahuken.
Etter lunsj begynte vi å planlegge ein tur til Hareid. Vi hadde noko rips som Solveig skulle få til saft, her i huset blir det ikkje laga slikt lenger. Frysarane våre er ganske fulle, så vi ville få vekk noko.
Solveig hadde steikt vaflar til vi kom, og vêret var så fint og varmt at vi kunne sitte ute. Solveig sette i gang saftkokaren med ein gong. Reknar med at det var fullt i hennar frysar også, så det var berre å gjere kort prosess.
1 kommentar:
Eg greier merkeleg nok alltid å få plass til meir i ein allereie full frysar!
Legg inn en kommentar