torsdag, april 23, 2015

Dagbok 2015: 23.april.

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 5 grader C og det har vekselvis regna, sludda og hagla i heile dag.
I grunnen var det heilt greitt med slikt vêr sidan eg hadde mykje å styre med inne. Først rydda eg, for eg kan ikkje sette meg til med anna arbeid når det flyt rundt meg. Så sette eg meg til for å skrive referat, det gjekk ganske fort og lett når eg først kom i gang.
Neste post på programmet var støvsuging, men vaskinga utsette eg til i morgon sidan eg skal bake litt først.
Etter at vi hadde ete litt tok vi ein tur til Vik og handla diverse saker og ting. Matvarer handla vi på Kiwi i dag. Og så vart det tid for ein liten pause på sofaen med lydbok.
I dag fyller svigerinna mi på Eid 70 år. Eg har kjent henne sidan ho var 18-19 år, så det tek til å bli ei stund. Eg har ingen søstrer, så Bodil er det nærmaste eg kjem å ha ei. Skulle gjerne vore der på den store dagen, men tida strakk ikkje til. Vi tek det att ein annan gong ! Der er sikkert mange gjestar sidan barn og barnebarn ikkje er langt unna, dvs.ikkje alle dei eldste barnebarna bur på Eid lenger.
GRATULERER MED 70-ÅRSDAGEN, BODIL !

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Takk for helsingar på 70-årsdagen min. Barn, svigerbarn og 4 av barnebarna har vore her + Anne Marie, Rannveig og Elin/Jostein. Kusine Berit var her med blomst tidleg på dag og det vart ein kopp kaffi og kransekake i lag med henne. Audny har vore her i heile dag og styrt på kjøkkenet. Godt med hjelp, kjenner at eg ikkje er ung lenger. Mange blomehelsingar, meldingar på mobil og FB. Vi sakna deg og Nils, men får ta det igjen ein annan gong. Ønskjer dykk god helg og lukke til med konfirmanten dykkar!

Besta sa...

Takk for det, Bodil. Du veit eg ville gjerne ha vore der, men det vart litt mykje akkurat no. Vi ventar Anne Marie med bussenklokka 16 i dag.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...