Klokka er no16.20, temperaturen ute er + 6 grader. Det regnar og det blæs, det surklar av smelta snø i takrennene og det kjem sterke vindrosser innimellom. På PC-en min står det at det skal bli regn og snø i morgon. Ei stund sat eg og lurte på om det kunne komme ras her eg bur, men det er tvilsomt-
Tidleg på dag var det såpass ver at eg fekk rydda litt på tunet, for der var det litt av kvart på villspor. Eg hadde på meg piggskorne og så hadde eg utover litt av strøsanden, så eg gjekk trygt. Det eg er glad for er at eg tok og gjekk ein runde på Vallabøen mens det var rimeleg vêr. Alle vegane var sanda meir og mindre og eg hadde framleis piggskorne på-likevel måtte eg passe godt på. EG VIL IKKJE DETTE MEIR !
Og eg kjem ikkje til å gå på trening i morgon, for handa er ikkje heilt god. Eg prøver å rydde diverse i huset og, men det er ikkje så enkelt. Synest det er rart at ikkje handa kjem seg. Då eg braut høgrehanda hadde eg noke støttande som eg hadde rundt handleddet. Det fann eg fram den dagen eg braut, men det var til høgre handa, Eg snudde det og hadde det på venstre og det gjekk bra. Men kvar vart det av? Eg hadde det ikkje med meg då vi for til legevakt og sjukehus, og eg finn det ikkje att her heime heller.
Til middag hadde eg resten av suppa som eg laga i går, og så settee eg meg til framfor TV og såg nyheiter. Eg har ikkje følgt med i serien "Makta" -men no tenkte eg at eg kunne sjå den som "serie" og då får eg teksta den. Eg har sett ein episode, og det var nok for i dag trur eg. Eg har strikketøyet liggande og strikkar nokre "rundar" av og til, det er veldig irriterande å ikkje kunne strikke så mykje eg vil.
Eg har også "Spanskleksa" liggande framfor meg så eg kan lese litt av og til. Eg lærer så seint no-då eg var barn og ung hadde eg veldig lett for å lære utanboks-men no er det berre sorgen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar