mandag, mars 26, 2012

Vermelding 26.mars - 2012

Klokka er 16.30, temperaturen er + 9 grader, det er skodde,regn og grått ute.
Vi ventar på Helge som skal komme klokka 17.00 og kople TV-en til fiberen.
Før middag har Nilst styrt på ute, og eg inne. Han med kløyving og løding av ved, eg med diverse matlaging og anna. Er betre både i rygg og hofte i dag, men tek det litt rolig likevel.
No skulle eg blogge om boka eg nettopp har lese ut, men bloggen tillet meg ikkje å legge inn meir bilde. Har opplevd mange gonger at dei varslar om at eg må "kjøpe" meir lagringsplass, men så går det i orden igjen. Dersom det ikkje går i orden denne gongen, kjem eg til å lage meg ny blogg, men då skal eg melde frå om det.
Forresten fekk både Nils og eg att på skatten, han 5000 kr og eg 2000kr. Eg har betalt inn mest og han får att mest - det er vel ein slags sosialisme?
På yr.no ser eg at det skal bli full sol i morgon, og så skal det bli regn og atter regn.
Det er eit merkelig ver vi har hatt i seinare tid, ein og annan strålande dag mellom alt det grå.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg kjøpte meg meir plass. Det kom på 28 kr synest eg å hugse. Eg starta ny blogg for å unngå styret, men så lærte eg meg å bruke kort til å betale med på nett.

Besta sa...

Som du ser fikk eg til å legge inn bilde seinare.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...