torsdag, mars 29, 2012

Vermelding 29.mars - 2012

Klokka er 17.00. Ute blæs og regnar det, som vanlig. Og det skal visst ikkje bli betre heller. På Austlandet har dei hatt full sommar i dagesvis, har eg høyrt, men no er det visst slutt på herligheita der også.Temperaturen er i dag + 6 grader C  på trappa vår.

Før middag vaska eg ferdig til påske, og etterpå var vi til Vik og handla, sidan det vart avbrot i går. Klokka 13.30 skulle eg vere hos frisøren, og det var eg. No er eg kortklipt og brunhåra-slik eg helst vil vere. Nye hol i øyra fekk er også, det er tredje gong -minst.Nils laga middag mens eg var vekke, så det var berre å sette seg til bords då eg kom heim.
I går var telefonen vår i ustand, dvs. vi kunne ringe ut, men fekk ikkje samtalar inn. Det er andre gongen dette skjer i løpet av kort tid. No er det i orden igjen, men er det viktig å få tak i oss, så har vi kvar vår mobil som virkar, og vi er sjelden langt borte frå datamaskina.Ellen Marie hadde prøvd å ringe i går, men ringde opp att i dag, og vi hadde ein lang prat.
No prøver eg for harde livet å ikkje somne på dagtid, Nils har gitt opp. Men eg får problem med nattesøvnen om eg søv på dagtid. I morgon klokka 10 skal eg på Smerteklinikken; eigentlig er eg ganske bra, men kan ikkje avlyse no. Det er eit år sidan sist eg var der. Då skjedde det same. Eg tok sprøyta då også-kanskje var det bra?
Anne Marie kjem i morgon ettermiddag.

1 kommentar:

Bjørg sa...

Gratulerer med overstått bursdag. Du har same dag som mi veninne Dulka. Ho fylte 60 i går.
Hans og eg har nettopp vore ute og gått ein tur i fineveret. Det bles friskt, men sola skin. Vi hadde ein dag med 23 grader varmt tidlegare i veka. Men no er det meir normalt, 7 - 8 grader. Men regn kan eg ikkje hugse sist vi har hatt.
Vi ventar Asle og ein av tvillingane hit i morgon. Vi må snart begynne med hagearbeid.
Helsing Bjørg

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...