Klokka er 17.00. Ute blæs og regnar det, som vanlig. Og det skal visst ikkje bli betre heller. På Austlandet har dei hatt full sommar i dagesvis, har eg høyrt, men no er det visst slutt på herligheita der også.Temperaturen er i dag + 6 grader C på trappa vår.
Før middag vaska eg ferdig til påske, og etterpå var vi til Vik og handla, sidan det vart avbrot i går. Klokka 13.30 skulle eg vere hos frisøren, og det var eg. No er eg kortklipt og brunhåra-slik eg helst vil vere. Nye hol i øyra fekk er også, det er tredje gong -minst.Nils laga middag mens eg var vekke, så det var berre å sette seg til bords då eg kom heim.
I går var telefonen vår i ustand, dvs. vi kunne ringe ut, men fekk ikkje samtalar inn. Det er andre gongen dette skjer i løpet av kort tid. No er det i orden igjen, men er det viktig å få tak i oss, så har vi kvar vår mobil som virkar, og vi er sjelden langt borte frå datamaskina.Ellen Marie hadde prøvd å ringe i går, men ringde opp att i dag, og vi hadde ein lang prat.
No prøver eg for harde livet å ikkje somne på dagtid, Nils har gitt opp. Men eg får problem med nattesøvnen om eg søv på dagtid. I morgon klokka 10 skal eg på Smerteklinikken; eigentlig er eg ganske bra, men kan ikkje avlyse no. Det er eit år sidan sist eg var der. Då skjedde det same. Eg tok sprøyta då også-kanskje var det bra?
Anne Marie kjem i morgon ettermiddag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 26. november
På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
1 kommentar:
Gratulerer med overstått bursdag. Du har same dag som mi veninne Dulka. Ho fylte 60 i går.
Hans og eg har nettopp vore ute og gått ein tur i fineveret. Det bles friskt, men sola skin. Vi hadde ein dag med 23 grader varmt tidlegare i veka. Men no er det meir normalt, 7 - 8 grader. Men regn kan eg ikkje hugse sist vi har hatt.
Vi ventar Asle og ein av tvillingane hit i morgon. Vi må snart begynne med hagearbeid.
Helsing Bjørg
Legg inn en kommentar